50-års jubileum for kyrkjefag i Volda

Tekst: Per Halse , Foto: Foto: Bente Hjertenæs

- Oppdatert

Gjennom 1970-, 80- og 90-åra vart mange kull med menighetssekretærar, kateketar og kyrkjeverjer utdanna ved høgskulen i Volda. Siste helga i september var tidlegare tilsette og studentar samla til «reunion» med fagleg seminar, sosialt samvær, jubileumsfest og Forskingsdagsgudsteneste.

Fagseminaret fokuserte på utviklinga av stillingstypar, utdanning og rekruttering til arbeid i kyrkja. Hovudforedraget var ved Frank Grimstad som var ein viktig inspirator og sentral samarbeidspart for kyrkjefaga i Volda. Han minte mellom anna om dei store endringane som har funne stad gjennom dei siste tiåra: Noreg har utvikla seg frå eit relativt homogent samfunn til stor grad av fleirkultur og multireligiøsitet. Samstundes har det som var ei stats- og kommunekyrkje vorte ei fri folkekyrkje. Dermed vil friviljug innsats verte avgjerande framover; kyrkjefolket kan ikkje rekne med at alt skal ordnast av tilsette med løn frå det offentlege.

Tre tidlegare Volda-studentar med lang fartstid i kyrkjeleg teneste følgde opp med refleksjonar ut frå sine ulike erfaringar: Anne Berit Laache Stokstad representerte det aller første kullet (1972–74) og fortalde om korleis det ho lærte kom til nytte i stillingar både som menighetsekretær, diakon og misjonær. Heidi Strand Mathisen (student 1985–89) har vore kateket i Hamarøy gjennom tre tiår, og ho delte levande døme på korleis folk har ulike utgangspunkt og dermed også ulike forventningar til det som skjer i kyrkja.

Oddvar Etnestad (student 1982–84 + 91/92 og 94/95) har arbeidd som kyrkjeverje sidan 1995 – først på Vestlandet og sidan på Austlandet. Han konstaterer at søknadslistene til stillingar i kyrkja vert kortare og kortare, og han framheva at kompetanse er noko meir enn berre kunnskap. Kyrkja bør ikkje overdrive vekta på byråkratisering, profesjonalisering og formalkompetanse, for som Etnestad retorisk spurde: «Vert ein alltid meister av å ta master?»

Seminaret vart avslutta med ein panelsamtale leia av førstelektor Magnar Hjertenæs. Her fekk også deltakarane i auditoriet kome med spørsmål og kommentarar – både til den nære historia og til aktuelle utfordringar. Laurdag føremiddag var det lunsj og omvisning på høgskulen. For mange var det som ei «tidsreise bakover» å vere i det gamle auditoriet i Aasen-huset, og samstundes imponerande å sjå utviklinga som har vore på høgskuleområdet fram til i dag.

Laurdagskvelden var det hyggeleg fest i peisestova på Uppheim – med mat og prat, gamle foto og kåseri med interessante minne ved dosent Jan Ove Ulstein. Søndagen var det Forskingsdagsgudsteneste i Volda kyrkje med påfølgande kyrkjekaffi. I preika kom kateket Anny Holien (student 1986–90) mellom anna inn på kor verdifullt gudstenestelivet i bygda hadde vore for dei som studerte kyrkjefag på høgskulen. Ved kyrkjekaffien var det mange blide som uttrykte takksemd både for det dei fekk her i studietida og for at det hadde vorte lagt til rette for ei kjekk og verdig jubileumsmarkering.


 

Del på