650 elevar fekk nyttig digital karriererettleiing

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Då Høgskulen i Volda for første gong gjennomførte digitale utdanningsdagar, deltok om lag 650 avgangselevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular på arrangementet.

Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) er ein viktig del av yrkesrettleiinga for elevar frå mange vidaregåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Elevane har på førehand valt fire fagområde dei er interesserte i og vil høyre meir om.  Vanlegvis gjestar elevane høgskulen og får vere med på spesialtilpassa skuletimar i dei einskilde studietilboda. Det same tilbodet fekk dei også i år, men no gjekk det føre seg digitalt gjennom videoprogrammet Zoom.

Elevane hadde 15 studietilbod/fagområde å velje mellom, og vart presentert for innhaldet i studia av fagtilsette ved HVO gjennom munnlege framføringar direkte, videoar og samtalar med studentar ved høgskulen. 

– Fagtilsette ved dei ulike avdelingane hadde lagt ned mykje arbeid for å kunne vise fram utdanningane til elevane på ein god og variert måte. Eg er imponert over det våre faglege fekk til under arrangementet, seier Torill Engeseth, prosjektleiar for utdanningsdagane ved HVO.

Aktive elevar

– Målsetjinga er å gi elevane eit informativt bilete av moglege utdannings- og yrkesvegar, i tillegg til eit innblikk i kvardagen som student. Elevane fekk oppleve undervisningssituasjonar digitalt. Ein chatfunksjon var tilgjengeleg både under og etter arrangementet, der elevar og kontaktlærarar kunne stille spørsmål eller få meir informasjon om studietilbod og opptak. Opplegget vart likt undervisningssituasjonar studentane ved høgskulen opplever digitalt no under koronapandemien. Dette fungerte godt og det kom inn mange spørsmål, fortel Engeseth.

God oppslutning

Det var elevar frå Akademiet VGS, Borgund VGS, Ulstein VGS, Volda VGS, Ørsta VGS, Herøy VGS, Stranda VGS, Firda VGS, Stryn VGS, Vestborg VGS og Fjordane folkehøgskule som deltok på arrangementet. Utdanningsdagane gjekk over 2 dagar, der den einskilde skule var med ein av dagane.

– Vi er svært glade for den gode oppslutninga, og håper at elevane fann utdanningsdagen nyttig sett i høve til dei viktige vala dei skal gjere om utdanning og framtidig yrke, seier Engeseth.
 

Del på