All undervisning på høgskuleområdet avlyst

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda avlyser all undervisning på høgskuleområdet frå og med torsdag 12. mars, og vil i staden tilby alternativ undervisning. Nettundervisning går som planlagt.

Høgskulen i Volda (HVO) sette onsdag 11. mars krisestab i samband med korona-situasjonen og i møte torsdag 12. mars vart det vedtatt fleire nye tiltak.

– Vi tek situasjonen på høgste alvor og all fysisk undervisning på høgskuleområdet er avlyst frå torsdag 12. mars. Alternativ undervisning startar så fort som mogleg og all planlagt nettundervisning går som planlagt, fortel direktør Karen Lomeland Jacobsen.

Det vart vedtatt fleire nye tiltak ved Høgskulen i Volda 12. mars:

  • Alle større samlingar/seminar og konferansar ved HVO er frå 12. mars avlyst
  • Idrettsbygget stengast
  • Studentsørvis, Pangaia og biblioteket har ikkje personell i skranke, men tek imot e-post og telefon 


Det vil vere regelmessige møter i kriseleiinga ved HVO, som følger situasjonen tett. 

Status og råd til studentar og tilsette får du på denne sida. Har du behov for å snakke med nokon der temaet ikkje er medisinsk hjelp, sjå dei ulike velferdstilboda ved HVO her.
 

Del på