– Alle skal få tak over hovudet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Skal du studere i Volda til hausten og har ikkje fått deg ein plass å bu? Fortvil ikkje, det kan framleis ordne seg. 

Hos Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) begynner dei aller fleste bustadane å bli leigd ut. Men ein lovar at alle studentane i Volda skal ha ein plass å sove ved studiestart 20. august.

Bustadkonsulent Magnhild Kile ved SiVolda har travle dagar med tildelingar av deira studentbustadar.

– Vi er i full gang med tildelingane og fleire og fleire som har søkt om bustad hos oss får no tilbod. Per i dag har vi ingen ledige bustadar, men det er heile tida bevegelse i dette, seier Kile tysdag 30. juli.

Kan framleis søke

Med det meiner ho at nokon som har fått tilbod om bustad takkar nei, og at andre då overtar denne plassen. Difor har ho ei oppmoding å kome med:

– Ein kan fortsatt søke om bustad hos oss og vere heldig å få napp. Vi har fortløpande opptak. Då kan det vere lurt å søke på fleire val av bustad og ikkje låse seg til ein spesiell, med det er sjansen større for å få tilslag, seier Kile.

Søk bolig hos SiVolda her.

Stor privatmarknad

I studiebygda Volda er ein godt vand med at også privatpersonar bidreg til at studentane skal ha ein stad å bu. Privatmarknaden for utleige av hyblar, leilegheiter og hus er stor i Volda. Her er stadar det kan vere lurt å sjå innom etter husvære:

Garanterer soveplass

Om ein ikkje skulle lukkast med å finne bustad med ein gong eller er litt sein på avtrekkaren, er det inga krise. I Volda lovar ein studentane at alle skal få eit butilbod dei første dagane, inn til det løyser seg med noko permanent.

– Vi har ingen hybelgaranti, men vi har ein tak over hovudet-garanti. Vi skal finne løysingar for alle, seier bustadkonsulent Kile.

SiVolda har i dag om lag 420 studentbustadar. På Heltne er dei i gang med bygging av nærmare 200 nye bustadar, i to ulike prosjekt. Den første blokka, som rommar 120 einingar, skal etter planen stå klar i desember 2019.
 

Del på