Alle skal med i Fadderveka

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Enten du er den som elsker å gå på konsert og slå deg laus på dansegulvet etterpå, vil nyte naturen på tur eller er en travelt opptatt forelder – Fadderveka 2019 har noko for alle studentar i Volda!

– Da eg begynte å studere i Volda blei eg positivt overraska over kva som møtte meg – det same ønsker eg at dei nye studentane i år skal bli. Dei skal få oppleve kor gøy og inkluderande studiemiljøet i Volda er, slår Roy Christian Andersen, leiar for faddervekestyret, fast berre nokre dagar før studiestart tysdag 20. august.

– Ja, eg kjende ingen då eg kom hit, men Volda er den mest inkluderande plassen eg har vore. Her kan ein vere seg sjølv så veldig og kjenne på at ein bur og lever i eit trygt miljø, følger Thomas Lind, PR/media-ansvarleg i faddervekestyret, opp.

Mykje meir enn fest

Saman med fire andre utgjer dei to faddervekestyret som har travle dagar og jobbar frå morgon til kveld for at alt skal vere på stell til dei nye studentane kjem til bygda. Ingenting er tilfeldig når fadrane steller i stand to veker med fadderveke for å gjere starten på studentlivet best mogleg.

– Det er eigentleg litt juks å kalle det Fadderveka, seier leiar Andersen og legg spesielt vekt på «a»-en i ordet. – Det er to veker med tett program som vi har fått til i samarbeid med Studenthuset Rokken og studentorganisasjonar- og lag som Volda Studentidrettslag (VSI) og Pangaia.

Han vil ha med seg alle på Fadderveka og går i bresjen for eit mangfaldig program.

– Vi har eit mål om å treffe så breitt som mogleg. Det skal ikkje berre vere fest med ropeteikn. Vaksne studentar med barn, ja alle skal med, smilar Andersen, før han ramsar opp open dag med grilling på Årneset med spel og moro, tur til Vardehornet med Natura, filmkveld med Pangaia, turneringsdag med VSI og bootcamp med Family Sports Club som døme på arrangement.

SJÅ HEILE PROGRAMMET FOR FADDERVEKA HER

Trekkplaster på scena

På Studenthuset Rokken står konsertane i kø, i tillegg til den alltid populære kvissen, disko og Open Mic. – Det store høgdepunktet  på konsertfronten er Aurora. Ho er stor på verdsbasis, populær blant mange og vi er svært glad for å få ho til Volda, seier faddervekeleiaren.

Medan nokon likar litt rolege tonar frå Aurora, vil andre ha litt meir tempo og raprytmar som Sushi x Kobe kan by på. – Begge vekene startar med litt rolege arrangement på Rokken, før det blir litt meir fart utover veka, fristar Andersen.

Venner for livet

For mange blir Fadderveka tida og staden for å knyte kontakt med nye folk – og skape vennskap som vil vare mykje lengre enn studietida i Volda.

– Eg trefte veldig mange under Fadderveka da eg begynte her, fortel PR/media-ansvarleg Lind før han held fram eit viktig poeng:

– Drikkepress skaper unaturleg forhold til korleis ein får seg venner. Ein får ikkje seg venner ved å drikke seg så full som mogleg.

Fadrane stiller opp

Faddervekestyret
Faddervekestyret vil ha eigen stand i 1. etasje i Berte Kanutte-huset den første veka etter studiestart og vil vere til stades for dei nye studentane som kjem til Volda.

Ikledd sine fargerike t-skjorter vil fadrane vere synlege og til stades for å hjelpe til og stille opp med det meste. Dei oppmodar til å ta kontakt og ta vare på kvarandre. Ingen, som ikkje ønsker det, skal vere aleine eller føle seg aleine som student i Volda.

– Fadrane skal hjelpe og vise, og det finst ingen dumme spørsmål, seier Andersen og Lind.

For dei kriblar det i hender og føter etter å kome i gang, og sjå at alt arbeidet dei har lagt skal glede alle dei nye studentane:

– Vi gler oss veldig, seier Andersen.

– JA, MED STORE BOKSTAVAR, gliser Lind.
 

Del på