Anerkjend jazzmusikar med gjesteførelesing på musikk

Tekst: Arne Humberset , Foto: Gianni Gagliardi

- Oppdatert

I høve Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda, fekk musikkstudentane i emnet Utøving og formidling høve til å oppleve den anerkjende jazzmusikaren Gianni Gagliardi som tok opp fleire spanande tema knytt til å vere utøvar i det 21. århundre.

Faglærar Stein Helge Solstad ved HVO vart kjend med Gagliardi via felles musikarkontakter i Brooklyn, New York og Oslo. Gagliardi, opprinneleg frå Barcelona er no busett i Sveits, og hans unike internasjonale utdannings- og arbeidserfaring er noko som studentane kan la seg inspirere av meiner Solstad.

I denne digitale førelesinga gjekk Gianni inn på mange element som er avgjerande for å lukkast som musikar i dagens samfunn. Det viktigaste han påpeika var at det å lukkast som artist krev eit sett av kunnskapar og ferdigheiter, ikkje minst knytt til promotering av ein sjølv som artist. Han nemnde m.a. at når ei plate er utgjeven, er berre ein liten del av jobben gjort. Ein må vere villig til å jobbe med promotering av produktet kontinuerleg. Det er ein evig kamp og hard konkurranse om merksemd.

Gianni er også ein ivrig forkjempar for å la musikk vere ein auditiv kunstart, og med det meiner han at øyra er heilt avgjerande både i innlæring og utøving av musikk. Kort fortalt at inngangen til musikk i første rekkje må kome via den emosjonelle opplevinga av å lytte til musikk og deretter kan teori og teknologi spele vidare på dette.

Gianni gav mange flotte eksempel på korleis det er å vere ein internasjonal utøvar og han reflekterte også over styrkar og svakheiter i dei ulike landa han har vore student og musikar. Han oppmoda studentane til å spele så mykje som mogleg og gjere seg eigne erfaringar med både øving og framføring. Dette er eit tidkrevjande arbeid, men det er også det som skal til for å lukkast.

Les meir om studietilbod innan musikk ved HVO

 

Short Bio - Gianni Gagliardi

His unique sound, originality, and artistic integrity have enabled him to perform all around the world in extremely diverse situations, ranging from jazz to flamenco music with greats as Al Foster, Kurt Rosenwinkel,  John Clayton, Gilad Hekselman or Jordi Rossy. He has been at Berklee College of Music, State University of New York, Conservatorium van Amsterdam and Conservatoire National Superior de musique et dance de Paris, and recently finished the Nordic Master at NMH in Oslo. Nowadays Gianni joined the Focusyear artistic residency program in Basel Switzerland. He is the founder of BCN Jazz Collective, a label and platform for young composers to publish and promote their works. He has recorded extensively as a sideman and as a leader with great appraisal from the international press." 

“Gagliardi delivers music that's distinct and bracing. One of his many gifts surrounds his ability to shape and build intensity" 
– Dan Bylawsky, from All About Jazz 

Del på