Anoushka og Kash til Internasjonal dag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kjærasteparet bak NRK-serien Hotell Kash King vil dele opplevingane frå sitt eventyr i Rwanda. Dei vil saman med ei rekke andre innslag og storfint besøk frå utlandet gjere Internasjonal dag 12. februar til ein festdag.

Anoushka Nordby og Kash King er hovudgjestar og foredragshaldarar under Internasjonal dag 2020. Langt ifrå tilfeldig etter suksessen deira med TV-serien Hotell Kash King.

– Vi ønskjer at foredraget skal inspirere studentar og tilsette ved Høgskulen til å vurdere å reise utanlands, sjå verdien av internasjonale erfaringar og impulsar, og våge å tenke i litt nye baner. I så måte er Anoushka og Kash perfekte inspirasjonskjelder, seier Iulia Beleuta og Arne Humberset ved Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.

Ønsker innspel

Anoushka og Kash fekk oppleve mykje i løpet av opphaldet i Afrika. Oppturar og nedturar – saman takla dei utfordringar dei ikkje hadde sett føre seg.

– Vi reiste til Rwanda, kjøpte oss tomt og skulle bygge hotell og lagde ein TV-serie som gjekk på NRK. Vi kjem Volda og gleder oss til å møte og snakke med dykk. Det trur eg kan bli interessant. Da vil vi også høyre med dykk, kva dykk har å seie om det vi har gjort. Og om dykk har tid, sjå serien i mellomtida, seier Kash King.

​​

 

Inspirasjon til å søke seg utanlands

Hovuddelen av Internasjonal dag går føre seg på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen som vanleg. Der vert det mogleg å treffe gjestar frå partnaruniversitet, internasjonale studentar som studerer i Volda, og lokale studentar som har vore på utveksling. Totalt har arrangøren invitert 20 gjestar frå 15 ulike partnarland. Det kjem representantar frå mellom anna Storbritannia, Russland, India, Frankrike og USA. 

Intdag2020

– Vi håper alle studentar og tilsette vil bli med oss og markere dagen. Her får de inspirasjon og informasjon kring det å studere i utlandet, hente impulsar eller få fagleg påfyll, seier Beleuta og Humberset. Dette er ei unik moglegheit til å kunne stille spørsmål direkte til institusjonar ein kunne tenke seg å utveksle til. 

Det vert også servert gratis internasjonal lunsj og moglegheit til å smake på smakfulle rettar frå ulike land. Dei internasjonale studentane vil også stå for litt underhaldning.

Internasjonal dag er eit arrangement for alle, og arrangørane ynskjer både studentar, tilsette og bygdefolk hjarteleg velkomen til Berte Kanutte-huset onsdag 12. februar!
 

Del på