Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ny juryleiar for Klarspråksprisen

Tekst: Terese Balsnes , Foto: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er oppnemd som ny juryleiar for klarspråkprisane. Rotevatn er dekan ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

– Det er svært viktig å synleggjere og verdsetje framifrå språk i det offentlege. Eit godt, klart og tydeleg språk er ein del av infrastrukturen i demokratiet vårt. Godt språk legg til rette for deltaking i samfunnet og gjer det lettare å vere brukar av offentlege tenester. Eg er takksam for juryleiarvervet og ser fram til det spennande arbeidet, seier  Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rotevatn og fire jurymedlemmer vil vurdere kandidatar for tre prisar. Klarspråksprisen for staten vert delt ut for tiande gongen. I tillegg er det for tredje gong lyst ut klarspråkspris for kommunar og fylkeskommunar. Og for femte gongen skal ei eldsjel i klarspråksarbeidet få  utmerkinga «Årets trekkhund». 

Les meir

Del på