Aukande smittetrend: Sett deg godt inn i rettar og reglar

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda følger Covid-19-utviklinga i regionen tett og er i dialog med kommuneoverlegen jamnleg. Gitt nye tiltak frå FHI førre veke og fleire smittetilfelle i Volda, ønskjer dei å minne både studentar og tilsette om kva du kan og må gjere i kvardagen. 

I løpet av den siste tida har det kome fleire smittetilfelle av Covid-19 i Volda, og fleire opplever å måtte i karantene i påvente av smittesporing. Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda (HVO) er i tett dialog med kommuneoverlegen og Volda kommune, og held jamnlege møter. Dei oppmodar studentar og tilsette om å halde seg oppdaterte på siste nytt via kommunen sine heimesider, og dei nasjonale retningslinjene frå FHI. 

 

- Vi følgjer desse retningslinjene, og har tidlegare vedteke ei mellombels forskrift som gjer at vi kan legge til rette for at ein kan ha gyldig fråver i samband med til dømes karantene og sjukdom. Vi har også erstatta skriftleg skuleeksamen med digital eksamen dette semesteret. Er du sjuk, skal du sjølvsagt vere heime - og då vil vi så langt som råd gi deg digitale alternativ til undervisning og eventuelt fritak frå oppmøte, seier direktør og kriseleiar Karen L. Jacobsen. 

Ho presiserer at det ikkje er lansert nye tiltak for auka avstand eller tilråding om heimekontor i kommunen som følgje av situasjonen no, men at kriseleiinga er klare for å gjere endringar om det vert naudsynt. 

- Vi vil kome med informasjon umiddelbart om det må endrast på tiltak eller vi må innføre nye. Det viktigaste no er at vi alle jobbar med å kjenne til og følgje dei eksisterande retningslinjene: Vask hendene godt, hald deg heime om du er sjuk, og hald tilrådd avstand på éin meter. Er møterommet for lite, kan du til dømes halde møtet på Zoom, minner Jacobsen om.

 

 

- Ta vare på kvarandre og ta kontakt med næraste leiar eller fagmiljøet ditt om du har spørsmål, seier kriseleiaren. 

Del på