Auke i budsjettet for høgskulen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda får ei auke i 2021-budsjettet på i underkant av seks prosent, men rektor Johann Roppen saknar likevel sårt etterlengta pengar til medieteknisk utstyr til det nye mediehuset.

Etter regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2020 vil Høgskulen i Volda (HVO) få ei løyving på 410 millionar kroner. Det er ein auke frå 375 millionar kroner i år. Trekk ein ifrå løns- og prisauke, samt ca. 1,8 millionar i det som blir kalla ABE (Avbyråkratisering og effektivisering), sit ein igjen med ein auke som tilsvarar knappe seks prosent.

Koronatiltak og lærarutdanning

Det meste av dette var venta pengar for høgskulen, der 20,5 millionar kroner er øyremerkt til det regjeringa kallar utdanningsløftet, som er pengar utløyst av koronatiltak frå staten. Høgskulen fekk om lag 10 millionar kroner i slike midlar for eit halvt år i 2020, og dette er tenkt vidareført med ein dobling av summen for å dekke opp for eit heilt år i 2021. Pengane går til både fleire studieplassar og tilsette.

Elles var det også spådd at det ville kome pengar til å finansiere det femte året av grunnskulelærarutdanninga. Etter som utdanninga er blitt ei masterutdanning og dei første studentane skal ta til på det femte året, treng ein pengar for å dekke opp kostnadane til eitt ekstra år. I framlegget til budsjettet er det sett av 3,3 millionar kroner til dette.

HVO får også 900.000 kroner for å ha auke i tal studentar.

– Det er eit rekordbudsjett for Høgskulen i Volda og sjølv om store delar av midlane var venta, er vi nøgd med ei generell auke på nesten seks prosent, seier rektor Johann Roppen.

– Skuffande

Det rektoren derimot ikkje er like nøgd med er fråværet av løyvingar til medieteknisk utstyr i det nye mediehuset som skal stå klart sommaren 2021. Behovet er 30 millionar kroner, og i framlegget til statsbudsjett er det ikkje sett av ei krone.

– Det er skuffande. Vi håper det kan løyse seg i budsjettforhandlingane på Stortinget. Vi har dyktige stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal som veit godt om denne saka, seier Roppen.
 

Del på