Avlyser ikkje utveksling til våren

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I tråd med oppmoding frå Kunnskapsdepartementet (KD) og i dialog med andre i sektoren, har Høgskulen i Volda valt å ikkje avlyse utveksling til Europa våren 2021. All utveksling utanfor Europa er avlyst

– Vi veit ikkje korleis smittebiletet vil sjå ut om fleire månader, og difor ønskjer vi å framleis kunne tilby studentar den verdifulle erfaringa det kan vere å få reise ut. Det er sjølvsagt særs usikkert kva som skjer framover. Gitt smittebiletet, samt føringar og påbod frå partnaruniversitet og myndigheiter til dei aktuelle landa, kan utvekslinga bli avlyst på eit seinare tidspunkt, seier direktør Karen Lomeland Jacobsen.

Tjuetal studentar

Det er eit tjuetal studentar som har søkt om utveksling til Europa for våren 2021. Høgskulen har hatt og kjem til å ha samtalar med dei framover. Det må vere klart for dei kva rettar og moglegheiter dei har, til dømes når det gjeld heimreise og alternativ til dei her i Volda om utvekslinga må avlysast eller dei må reise heim undervegs i eit utanlandsopphald. Dei skal ha eit tilbod som sikrar dei kvalitet i utdanninga og at dei kan gjennomføre studia sine på normert tid. 

Gitt det låge talet studentar som har søkt utveksling, og at det i Volda er ledig kapasitet på bustadmarknaden for studentar, er det enklare å følgje opp einskildstudenten og legge til rette for alternativ om dei ender opp med å ikkje reise, eller at utvekslinga må avlysast på eit seinare tidspunkt. 

Innveksling ikkje avgjort

Når det gjeld studieturar og praksis til utlandet, samt innveksling til Volda, er det ikkje teke ei endeleg avgjerd for kva som vert tillat i 2021. Her ønskjer kriseleiinga ved høgskulen ein tett dialog med Volda kommune for å sjå på dei ulike alternativa for mellom anna testing og karantenereglar.  
 

Del på