Bli med å påverke studiekvardagen din!

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Røyst fram kandidater frå di avdeling til Studentparlamentet og bli med i trekkinga av eit gåvekort på 500 kr på Kiwi! Lenka til røysting er sendt til din student-e-post. Svarfrist: Fredag 20 september kl. 23.59. 

Det er representantar til Studentparlamentet det skal stemmast over. Kvar avdeling har sine kandidatar, og via lenka alle studentar har fått på sin student-e-post kan ein stemme på kandidatane frå si avdeling.

Studentparlamentet består av 11 representantar valde frå dei ulike avdelingane ved høgskulen. To frå kvar av dei fire avdelingane, samt 3 frie representantar. Studentparlamentet arbeider for å betre studiekvardagen ved Høgskulen og sikre studentane sine interesser og rettar, både fagleg og sosialt. Studentparlamentet fattar vedtak og tek avgjersler som vedkjem alle studentane ved Høgskulen. Parlamentsmøta er opne for alle studentar. 

Les meir om Studentparlamentet her.

 

 

Del på