Bra budsjett for Høgskulen i Volda – Men kritisk til skulepengar for utanlandske studentar

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Høgskulen i Volda får i 2023 eit budsjett som er på linje med det leiinga venta seg. Løyvinga frå Kunnskapsdepartementet aukar noko på grunn av at Høgskulen i 2021 auka studiepoengproduksjonen. Det handlar om at fleire studentar gjennomførte studia sine, noko som kjem av godt arbeid både blant studentar og tilsette, og dette gir altså høgskulen større løyving i 2023.

Høgskulen får også ein auke i løyvinga på grunn av at dei første eigenproduserte doktorgradskandidatane gjennomførte sine studium i 2021 og også hadde ein auke i talet på utvekslingsstudentar.

På den andre sida var budsjettet i fjor svakare på desse områda fordi Høgskulen i koronaåret 2020 hadde lågare tal på fullføring av studium og på studentutveksling.  Så kanskje er Høgskulen i Volda i 2023 tilbake til ein slags normalaktivitet etter to år prega av korona.

Høgskulen vil etter framlegget frå regjeringa få ei løyving på 435 millionar kroner, mot 417 millionar i 2022. Det er ein auke på ca. 4,4 prosent.

Høgskulen i Volda er også heldig som ikkje har fått særleg høgare utgifter til straum, noko mange høgskular og universitet i Sør-Noreg slit alvorleg med, men som regjeringa ikkje har foreslått å kompensere for i framlegget til statsbudsjett. Høgskulen vert heller ikkje særleg råka av omleggingane i Forskingsrådet, fordi Høgskulen i Volda diverre har små løyvingar frå Forskingsrådet.

Derimot har Høgskulen i Volda grunn til å vere misnøgde med at regjeringa foreslår å kreve at utanlandske studentar   som kjem frå land utanfor Europa (EØS og Sveits) frå 2023 må betale skulepengar for å studere til ein full grad i Noreg. Regjeringa har rekna ut at høgskulen får eit trekk på kr 435.000 i budsjettet på grunn av dette. Dette vil i så fall særleg gjelde studentar på Master in Media Practices, der nærare halvparten av studentane kjem frå land utanfor EØS-området.

Utvekslingsstudentar som berre er i Noreg ein kort periode skal framleis sleppe å betale studieavgift.

Her er statsbudsjettet for heile Kunnskapsdepartementet.

Her er statsbudsjettet for høgskular og universitet.

Del på