Budsjett på det jamne for høgskulen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I forslaget til statsbudsjett er det øyremerka pengar til ein ny mastergrad i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda. Elles er det ikkje store endringar i løyvingane frå staten til høgskulen.

Etter regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2022 vil Høgskulen i Volda få ei løyving på 417 millionar kroner. Det er ein auke frå 410 millionar kroner i år. 

– Målt mot lønns- og prisvekst er det om lag fire millionar kroner lågare enn årets budsjett. Men det er eit budsjett vi lever greitt med, seier Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Vidareføring av studieplassar 

I juni 2020 fekk høgskulen 100 nye studieplassar som eit tiltak i koronaperioden gjennom det ein kallar Utdanningsløftet. I tillegg fekk HVO også 6 nye stipendiatstillingar på gjennom same ordning.

Både studieplassane og stipendiatstillingane er i framlegget til budsjett med også for 2022. 

– Det er viktig at vi har fått desse vidareført, seier Roppen.

Løyving til ny mastergrad

Spesielt glad er rektoren for at masteren i barnevernsarbeid, som er under planlegging ved HVO, har blitt løyvd 20 av desse 100 studieplassane.

– Det er kjekt å ha fått på plass finansiering for denne mastergraden. Det vil bli eit viktig tilskot for oss.

Det er mykje som skal på plass for å få ein heilt ny mastergrad på plass – eit arbeid ein er i gang med på Avdeling for samfunnsfag og historie. Dei jobbar mot å kunne ta imot det første kullet hausten 2023.

Opp på forsking, ned på studiepoeng

Høgskulen i Volda hadde frå 2019 til 2020 ei auke i forskingspublisering på heile 74 prosent. Dette betyr også ei auke i kroner og øre for høgskulen, som gjer at det er løyvd 1,6 millionar kroner meir på bakgrunn av auken i publiseringspoeng. 

Samstundes produserte HVO færre studiepoeng samla sett i 2020 enn året før, og ein får difor ein nedgang i denne løyvinga.

Del på