Budsjett i underkant for Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda får i 2020 eit budsjett som i hovudtala er nokså likt 2019-budsjettet. Leiinga ved høgskulen er skuffa over at høgskulen misser to stipendiatstillingar og at det ikkje er gitt noko signal om utstyr til det nye mediehuset.

Etter regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2020 vil Høgskulen i Volda få ei løyving på ca 376 millionar kroner. Det er ein auke frå ca 360 millionar kroner i år. Budsjettauken kompenserer for løns- og prisauke. Men samtidig blir det kutta ca 1,8 millionar i det som blir kalla ABE (Avbyråkratisering og effektivisering), noko som vert kravd for det meste av statleg verksemd. 

Det nye mediehuset ligg som tidlegare varsla inne i Statbyggs budsjett med 212 millionar kroner og huset skal stå ferdig i 2021. Høgskulen arbeider for å få ei tilleggsløyving på 25 millionar kroner til medieteknisk utstyr, men statsbudsjettet seier ikkje noko om at regjeringa vil prioritere dette. Rektor Johann Roppen håper det likevel skal vere muleg å få støtte til nytt medieteknisk utstyr i budsjett for seinare år, og seier at arbeidet for å få politisk støtte til dette vil halde fram.

Roppen er også skuffa over at høgskulen misser to stipendiatstillingar i 2020. Det skjer ved at to mellombelse stipendiatstillingar som høgskulen fekk for  åra 2017-2019 ikkje blir forlenga eller omgjort til faste stipendiatstillingar. Desse to stipendiatstillingane var knytte til grunnskulelærarutdanning. Roppen seier det er heilt feil signal å kutte stipendiatstillingar samtidig som grunnskulelærarutdanningane har vorte gjort femårige og høgskulen dermed står midt oppe i store og krevande endringar der framtidig styrka kompetanse er nødvendig.

Roppen håper også høgskulen vil få noko midlar gjennom budsjettpostar som ikkje har vorte fordelte enno, blant anna til vidareutdanning av lærarar. Så det vil ta ei stund før det blir klart kva som blir høgskulens endelege budsjett for 2020. 
 

Del på