– De vil kunne få meiningsfulle jobbar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dei nye studentane i Volda vart teken varmt imot under opninga av studieåret tysdag og fekk lovnadar frå rektor Johann Roppen om at dei vil bli viktig i arbeidslivet i åra framover. 

Dei nye studentane var spreidd utover campus og hadde studieprogramvise opningar, der dei først vart møtt av ein film med helsingar frå blant anna rektor Johann Roppen. Nokre av dei nye studentane hadde si opning og sitt første møte med Høgskulen i Volda i området utan for Sivert Aarflot-huset, det splitter nye mediehuset som no skal takast i bruk av studentane.

Huset som vil gi eit stort løft for høgskulen og langt meir moderne fasilitetar for studentane, var også Roppen opptatt av da han ønskte studentane hjarteleg velkomne til Høgskulen i Volda.

– Det siste året har det skjedd store ting på høgskuleområdet: Vi opnar no i haust eit heilt nytt hus der medieutdanningane held til – det er det kvite Sivert Aarflot-huset – som kan bli #Verdas-beste-mediehus. Vi har også fått ein ny stor og flott nabo i idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Og vi vil halde fram med å pusse opp og bygge nytt på høgskuleområdet dei næraste åra slik at studentane skal få best mogleg rammer for å lære, leve og oppleve, seier Roppen.
 


Vekse som menneske

Roppen la vekt på at studentane som kjem til Volda skal lære, leve og oppleve. Når det kjem til det dei skal lære i Volda, meiner rektoren det er kunnskap samfunnet vil ha behov for i framtida.

– Med ei utdanning frå Høgskulen i Volda vil du få kunnskap som gjer at du veks som menneske. Og etterpå vil du kunne få meiningsfulle jobbar. Meiningsfulle jobbar både for din eigen del - og for samfunnet. Om du finn det meiningsfullt å hjelpe andre, å formidle kulturelle opplevingar, å utvikle og utdanne barn og unge, eller å arbeide til beste for demokratiet. Ja då er alle våre utdanningar meiningsfulle for deg, seier Roppen. 
 
Han stilte spørsmålet om kva samfunnet treng, og gav store deler av svaret sjølv. Roppen nemnte tre samfunnsutfordringar som han meiner er av dei store i vår tid; utanforskap må byggast ned, demokratiet må styrkast og vi må bli meir internasjonale. Med kunnskap og erfaringar frå studietida i Volda håper rektoren at dei som tok til som studentar tysdag kan vere med på å løyse desse utfordringane.

Sjå heile opningsvideoen med helsingar under her:

 

– Ikkje ver redd for å gjere feil

Fellesskap og omsorg for kvarandre var stikkord for dagen som opna studieåret 2021/22 i Volda. Trond-Fredrik Hoddevik, leiar for Studentparlamentet i Volda, har ei viktig oppgåve knytt til det og nytta høvet til å be folk om å bry seg.

– Eg vil gjenta min forgjengar (Trym Nikolas Rimmen) sine ord om korleis vi tek vare på kvarandre. Ver flink til å sjå og høyre på kvarandre, ver stolt av deg sjølv og ver ikkje redd for å gjere feil. Som studentar er vi her alle for å lære, seier Hoddevik.

Han hadde sjølv ei klar oppmoding, som kan vere med på å gjere starten og ikkje minst resten av studietida i Volda, knallgod:
– Engasjer deg! Her på Høgskulen har vi mange ulike studentorganisasjonar som gjerne ønsker å ha deg på laget. Her kan du møte mange medstudentar som deler dine interesser.

Personleg openberring?

Før dei ferske studentane fekk møte lærarane sine og fadrane tok dei med seg, hadde leiaren i Studentparlamentet nokre gode ord til med på vegen:
– Om du er ein førstegangsstudent kan du sjå fram til ein av landets trivelegaste stader å studere ved. Nye medstudentar å bli kjent med, ei fadderveke spekka med arrangement for å føle deg velkomen, og kanskje ei personleg openberring om kva du ønskjer å bli, er noko av forventningane eg sjølv hadde då eg byrja her for fire år sidan. Den innstillinga håper eg du og tek med deg inn, smilte Hoddevik.

Tradisjonen tru avslutta rektor Roppen med å oppfordre dei nye studentane om å ta i bruk og nyte den flotte sunnmørsnaturen, men om å vere varsame ute på tur.

– Ta vare på deg sjølv og andre. Også på dette området: Skaff deg kunnskapen som trengst både for å ferdast trygt – men også for å få best mogleg opplevingar av eit stykke Noreg som vil gi deg minne for livet.

Les heile talen til rektor i rektorbloggen hans.

Del på