Debuterer med teikneseriebok på nynorsk

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulelektor ved Nynorsksenteret Arild Torvund Olsen ville gi barn ein teikneserie han sjølv kunne tenkt seg å lese då han var barn, og ikkje minst gi nynorskbrukarar ei slik bok på språket deira. Dermed vart boka Katten og kråka til.

Kan ein katt og ei kråke stoppe ein drake? Katten og kråka er ei teikneseriebok som passar for barn i alle aldrar.

Boka har vorte til gjennom eit tett og godt samarbeid mellom Arild som har skrive teksten, Trine Lise Normann som har teikna, og Are Edvardsen som har laga skissemanus. Hovudmålgruppa for teikneserien er barn i alderen 8 til 12 år, men dette eventyret passar for alle som er glade i teikneseriar.

– Det byrja med at eg hadde lyst til å skrive ein teikneserie som var slik som eg sjølv kunne ha tenkt meg å lese då eg var på den alderen, og som eg kunne tenkje meg å lese no også for så vidt, seier Arild Torvund Olsen.

– Kvifor synest du det er viktig å gje ut teikneseriar på nynorsk for denne målgruppa?

– Nynorskbrukarane fortener å kunne lese alle slags tekstar på språket sitt. Særleg tekstar som ein sjølv oppfattar som rein lystlesing, som ein vil lese fordi dette er artig og spennande, seier han.

Les meir om boka og prosjektet bak den på Nynorsksenteret si nettside.
 

Del på