Desse vart valde inn i høgskulestyret

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Irmelin Losvik og Mats Ekeberg er valde inn som studentrepresentantar i høgskulestyret for 2022/2023. Personlege varaer for desse er Sara Sivertsen Fahrendorff og Sigurd Myrene.

Dette vart klart etter at valstyret godkjente valresultatet 10. oktober.

Dermed beheld dei to representantane plassane sine i høgskulestyret frå fjoråret.

Irmelin Losvik (24) frå Bjerkvik utanfor Narvik, går femte året på master i grunnskulelærarutdanning 1.-7. klasse og sa følgande før valet om kvifor studentane skulle stemme på ho:

– Om eg blir vald til høgskulestyret vil eg jobbe for å vere studentanes si røyst inn i sakene. Eg har sete i høgskulestyret i ein periode, og har god erfaring frå mellom anna Studentparlamentet og Studentsamskipnaden i Volda, så eg kjenner språket og er ikkje redd for å stå opp for studentane sitt beste! Eg skal jobbe for at alle får eit bra studieliv, både kvaliteten på studia og dei sosiale møteplassane!

Eg er motivert og kompetent til å representere studentmassen på ein god måte. Eg gleder meg til å vere deira talerøyr.

For Irmelin var Volda eit naturleg val for ei bygdejente frå nord. Ho seier ho alltid har vore engasjert i eit fellesskap for alle og har jobba med elev- og studentdemokrati sidan barneskulen.

– Velferd og psykisk helse er noko eg set høgt! Så eg gleder meg veldig til å halde fram med å kjempe for studentane sin trivsel og ei heilskapleg god studietid i Volda, seier ho.

Mats Ekeberg (36) frå Fusa i Vestland bur og drivar småbruk på Larsnes, går femte året på master i grunnskulelærarutdanning 5.-10. klasse og sa følgande før valet om kvifor studentane skulle stemme på han:

– Om eg blir vald til høgskulestyret vil eg halde fram med å jobbe imot undervisingsmetoden med lengre forelesingar og sikre meir studentaktiv undervising. Eg vil i tillegg ha eit sterkt fokus på studentvelferd.

– Å gjere ein god jobb i eit høgskulestyre krev erfaring. Eg sat i høgskulestyret dette året, og var vara året før. Desse åra har eg lært mykje. Samstundes er eg med i utval og arbeidsgrupper for utvikling av høgskulen, har erfaring som student frå fleire utdanningsinstitusjonar og har seks års erfaring med bedriftsleiing. Stem meg inn igjen så eg kan fortsette arbeidet for studentars rettar og best mogleg studentmiljø. 

Mats har bakgrunn som restaurantdrivar i Bergen der dei serverte peruansk mat. Han har tidlegare studert sosialantropologi. I ein alder av 32 år bestemde han seg å kjøpe eit småbruk på Larsnes saman med kona, og dei studerer no begge til å bli lærar.

– Vi trivst godt her på Sunnmøre. Vi har fleire dyr på garden og i dag skal eg hente ein ver! Han seier at det er ein god erfaring å sitje i høgskulestyret og ser spesielt fram til det ekstraordinære styremøtet med saka om NOKUT-søknaden for ny doktorgradsutdanning for lærarar.

Del på