Dette gjer nettundervisning enklare

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Læringsverkstaden, beståande av IT-kontoret og fagmijøet Digital kompetanse i læring, står klare til å hjelpe undervisarar ved Høgskulen i Volda (HVO) til å gi studentane best mogeleg undervisning på nett.

– Mange faglege tilsette ved Høgskulen i Volda har erfaring med ulike typar digital undervisning. Vi har i mange år vore mellom dei skulane i landet med flest studentar som har tatt nettstudium. Dette er erfaring og kunnskap som kjem godt med no, seier Hilde Gry Leer-Salvesen, rådgivar i e-læring ved HVO.

Etter at all fysisk undervisning på høgskuleområdet stengde 12. mars, vart det bestemt at ein ved HVO vil tilby studentane undervisning på nett.  Som Leer-Salvesen nemner er ikkje dette ukjent for mange lærarar, sjølv om situasjonen no er ein anna enn når ein legg opp til undervisning på nett under normale samfunnsforhold.

Canvas – læringsplattformen der studentar og lærarar kommuniserer – er også no staden for å gi studentane undervisning, oppgåver, tilbakemeldingar, informasjon og anna. 

Her er ei samleside med råd, tips og verktøy til ulike digitale læringsformer ved HVO.

Undervisning uavhengig av tid og stad

Av ulike grunnar i korona-tida kan det vere mest praktisk både for studentar og lærarar å arbeide uavhengig av tid og stad. Då er det fleire ulike verktøy i Canvas som kan nyttast i undervisninga. – Canvas er eit god læringsplattform som legg til rette for at dei tilsette kan lage gode læringsløyper til studentane. Lærarane kan gi studentane forelesning i form av ein video eller ein skriftleg leksjon. Det er også mogleg å legge opp til quiz. Vi oppmodar lærarane til at dei gir studentane refleksjonsspørsmål som dei kan jobbe med individuelt eller i grupper etter slik undervisning, seier Leer-Salvesen.

Her er gode råd til lærarar om dei ulike verktøya i Canvas.

Undervisning i sanntid

Eit anna alternativ til nettundervisning er undervisning i sanntid – her og no. For dette er det to anbefalingar:

Hjemmekontor

Zoom er eit splitter nytt verktøy for HVO. Dette har blitt brukt mykje i møteverksemd – den siste veka har tilsette og studentar ved HVO heldt meir enn 1000 større og mindre møter ved hjelp av dette verktøyet.

– Det har også sine fordelar å møtast på nett. Da er det mogleg for studentane å samarbeide på ein annan måte, gjennom gruppearbeid til dømes, forklarar Leer-Salvesen.

Video i undervisning

Terskelen for å lage en videosnutt i undervisning skal ikkje vere høg i desse tider. Gjennom verktøyet Studio i Canvas er det heller ikkje veldig komplisert. Les meir om korleis du kan lage enkel videoundervisning her.

I desse dagar er det også svært mange tilsette i universitets- og høgskulesektoren som deler ting dei lagar (som video), eller har laga tidlegare til undervisning. Her ei Facebook-gruppe som er populær for slikt.

– Det har vorte ein veldig fin delingskultur i sektoren – og det er så bra. Kanskje treng ein ikkje å lage ein video sjølv, om ein finn ein kollega som har ein god film om same tema ute på YouTube til dømes, seier Leer-Salvesen.

Refleksjon for studentane

Til sjuande og sist er det det studentane sit igjen med etter nettundervisning som betyr noko. Å stimulere og motivere studentane gjennom undervisninga, gi dei noko å reflektere over i etterkant og noko som dei kan arbeide med i sjølvstudium vert difor viktig. 

Kvalitet i nettundervisning – en veileder, er eit informasjonshefte som kan vere svært nyttig lektyre for både informasjon og inspirasjon. 

Her får du hjelp

IT-kontoret og Digital kompetanse i læring-miljøet vil hjelpe lærarar som treng tips, triks og råd til nettundervisning.
Ta kontakt på e-post 5400@hivolda.no eller bruk den opne kanalen i Teams.

– Bygg på det du kan og søk gjerne råd hos oss for å tenke høgt om korleis ein kan planlegge undervisninga framover, oppfordrar Hilde Gry Leer-Salvesen.
 

Del på