Difor har høgskulen fysisk undervisning

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Både styresmakter og forskarar er uroa for den mentale helsa til studentar som følge av strenge Korona-tiltak. Å skape trygge møteplassar, hindre isolasjon og å sikre godt læringsutbyte for studentane er heile tida med i vurderingane av smitteverntiltaka ved Høgskulen i Volda (HVO), fortel kriseleiinga.


Kriseleiinga ved høgskulen har tett kontakt med kommuneoverlege og Kunnskapsdepartementet (KD) i arbeidet sitt. Saman skal dei vurdere kva som både er trygt og riktig for studentar og tilsette ved HVO. 

- Vi har bytta fysisk oppmøte med digitale alternativ både for samlingsbasert undervisning med tilreisande, og for skriftleg skuleeksamen dette semesteret, fortel Karen Lomeland Jacobsen, direktør ved Høgskulen i Volda.

- Samstundes har vi obligatorisk frammøte i mange av faga våre framleis. Årsaka til dette er ein kombinasjon av dei råda som ligg til grunn for sektoren vår, der vi skal vurdere smittebiletet i regionen vår, læringsutbytet til studentane, og å ta omsyn til mental helse, fortel Lomeland Jacobsen. - Vi veit frå helse- og trivselsundersøkinga for studentar (SHot) at mange er einsame, og at dette er ein aukande trend. Forskingsmiljø ser på korleis pandemien har påverka studentane si mentale helse. Det å sitte åleine på ein studenthybel kan vere tøft. Vi skal også jobbe for å ivareta møteplassar og sikre sosial kontakt, innanfor det som er forsvarleg knytt til retningslinjer og smittevern. 


Uroa for læringsutbyte og mental helse

Regjeringa har råda universitets- og høgskulesektoren om å vurdere å redusere undervisning som bidreg til auka mobilitet, mellom anna press på kollektivtrafikken. I Volda er ikkje trykket på kollektivtransport like stort som i byane, noko som kan gjere det litt enklare å løyse den utfordringa regionalt. 

Det er også eit mål om å minke tal på nærkontakter og vurdere smittetrenden lokalt. 12. november meldte Volda kommune at det ikkje har kome nye positive prøvesvar sidan 4. november. Dei peiker også på at dei ikkje har innført lokale tiltak i Volda, då dette er meint for bu- og arbeidsregionar med stort smittetrykk.  

Samstundes melder Kunnskapsdepartementet, med statsråd Henrik Asheim i spissen, om å halde på normal drift så langt det let seg gjere. Det handlar både om å sikre eit godt læringsutbyte, og å ta vare på den mentale helsa til studentane. I eit intervju med Khrono peika han mellom anna på at det er ingen motsetning mellom å møte færre folk og å fortsette å møtes.


Mellombels forskrift legg til rette for studentane

Det er mellom anna desse vurderingane Høgskulen i Volda må ta med seg når dei skal vurdere kor mykje av dagleg drift og undervisning som skal vere digitalt, og kor mykje som skal vere fysisk på høgskuleområdet. Det er også ei sterk oppmoding frå KD som ligg til grunn for at til dømes utveksling til våren ikkje er avlyst. 

- Det er viktig å ta med seg at vi vurderer situasjonen heile tida, og at endringar kan kome på kort varsel, seier Lomeland Jacobsen, som samlar kriseleiinga ved HVO kvar veke. 

Difor oppmoder ho studentar og tilsette om å halde fram med å følge med på nasjonale og regionale råd så godt det let seg gjere, i kombinasjon med eit så normalt kvardagsliv som mogleg innanfor tiltaka. Høgskulen skal bidra med å legge til rette og ta vare på både studentar og tilsette etter beste evne. 

- Vi har tidlegare vedteke ei mellombels forskrift som gjer at vi kan legge til rette for at ein kan ha gyldig fråver i samband med til dømes karantene og sjukdom. Er du sjuk, skal du sjølvsagt vere heime - og då vil vi så langt som råd gi deg digitale alternativ til undervisning og eventuelt fritak frå oppmøte, seier Lomeland Jacobsen.

Ho minner også om at dei som ønskjer nokon å snakke med, har fleire dei kan ta kontakt med knytt til HVO

- Dette skal vi klare saman, seier kriseleiaren. 

Del på