Digital lunsj på HVO: Besøk frå Universell

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Alle som er opptekne av god læring og eit inkluderande læringsmiljø er velkomne. 

Torsdag 25. april kl. 11.30 kjem Universell på besøk til Høgskulen i Volda. Då vert det lunsj med påfyll av både mat, drikke og kunnskap. Tema denne gongen er korleis digitale verktøy kan bidra til universell utforming, og kva omsyn ein bør ta for at flest mogleg får utbytte av undervisinga. 

Universell: Nasjonalt oppdrag frå Kunnskapsdepartementet

Dei som byr på kunnskapen denne torsdagen, er Kjetil Knarlag og Elinor Olaussen frå Universell. Dei jobbar for samarbeid og kunnskap om læringsmiljø, universell utforming og inkluderande løysningar i høgare utdanning. Ved å spreie kunnskap skal dei fremje eit læringsmiljø med gode løysingar for alle, og utan unødige hindringar for dei som har nedsett funksjon på nokon måte. Det er dette universell utforming av høgare utdanning handlar om, og ofte kan enkle grep gjere stor skilnad! 

Viktig samarbeid med studentane

Godt og inkluderande læringsmiljø står sjølvsagt alltid på prioriteringslista til Høgskulen i Volda, seier prorektor Jens Standal Groven. 
- Når det gjeld arbeid med læringsmiljø er Høgskulen i Volda heldige på den måten at det er kort veg frå studentane til høgskuleleiinga. Forslag til forbetringar når det gjeld læringsmiljø er eit område der studentane kjem med tydelege forslag. Eit døme som vi arbeider med no er det å lage fleire møteplassar. I samarbeid med Studentsamskipnaden i Volda ser vi til dømes på om vi kan etablere eit miljø rundt inngangen til biblioteket, kanskje med ny bokhandel og kaffibar til og med. Tilbakemeldingar frå studentane i helse og trivselsundersøkinga "Heilt ærleg" tyder på at studentane vil ha fleire gode møteplassar, seier Standal Groven.  
Han håper flest mogleg tek turen til Høgskulebiblioteket torsdag. 

Meir om foredragshaldarane: 
Kjetil er leiar i Universell, og er ein mykje brukt foredragshaldar i tema som inkluderande læringsmiljø, og universell utforming av alle delar av dette miljøet, fysisk, psykisk og digitalt. Han er også fast gjesteforelesar ved Institutt for planlegging og administrasjon ved HVO. Ellinor er seniorrådgivar ved Universell, og arbeider spesielt med universell utforming av læring, og er mellom anna gjesteforelesar ved Pedagogisk utviklingsprogram (PEDUP) ved NTNU.

Etter lunsjen vil Universell møte Læringsmiljøutvalet, som har eit lokalt ansvar for å følgje med vårt læringsmiljø. Det er også høve for fleire til å møte Universell og diskutere denne tematikken inn mot eige fagområde. Ta kontakt med sekretæren for Læringsmiljøutvalet, dersom det er interesse for det.

Dersom du vil vite meir om kva Universell utforming handlar om, finn du her ein veileder om universell utforming frå Universell.
 

Del på