Digital undervisning til 18. januar

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Etter pålegg frå Kunnskapsdepartementet vert all undervising digital fram til 18. januar – det blir altså ikkje vanleg undervisning på høgskulen.

Eventuell praksis som var planlagt denne perioden vil, så langt som råd, gå som normalt. Høgskuleområdet med alle tenester er ope som normalt. Føremålet med dette nasjonale tiltaket er å minke presset på offentlege kommunikasjonar, og studentar som kan utsette tilbakereisa til Volda vert oppmoda om å gjere det.  

For tilsette som har vore på juleferie og studentar som allereie er attende i Volda, syner vi til dei generelle råda frå Volda kommune

 

Opningstider for inngangsdørene ved høgskulen vert i ei periode framover slik:

Måndag–fredag:
07.30–16.30 opne dører 
16.30–20.00 stengt, identifisering med kort gir adgang
20.00–07.30 stengt, identifisering med kort + pinkode gir adgang

Lørdag og søndag:
Identifisering med kort + pinkode gir adgang
 

 

Del på