Digitale karrieredagar: – Gode tilbakemeldingar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Nærare 700 avgangselevar ved ungdomsskulane på Søre Sunnmøre fekk i løpet av to dagar karriererettleiing gjennom digitale karrieredagar.

Den grunnleggande målsetjinga for Karrieredagane er å kunne tilby eit arrangement som vert opplevd som nyttig sett i høve til val av utdanning og yrke. Karrieredagane skal i tillegg vere ein motivasjonsfaktor for dei som ønskjer å velje framtidig utdanning og karriereløp i eigen region. 

Normalt sett skulle 10.klassingane ha vorte bussa inn til Høgskulen i Volda (HVO), og fått informasjon om ulike programområde i vidaregåande opplæring ved høgskulen og i Voldahallen. Eit arrangement med så mange frammøtte var i år umogleg å gjennomføre sett i høve smittesituasjonen. Partnarskapsgruppa for Karrieredagane på Søre Sunnmøre vedtok difor tidleg å gjennomføre ein digital versjon av arrangementet. Høgskulen i Volda er koordinator, og har stått for planlegging og gjennomføring av Karrieredagane 2020. 

15 programområde i vidaregåande opplæring

Onsdag og torsdag denne veka kopla elevane seg opp med kvar sin PC i klasserommet eller andre stadar, og følgde ein timeplan der dei gjekk inn i ulike Zoom-rom for ulike fagpresentasjonar, laga tilsette ved vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre. Tre IT-tilsette ved HVO fasiliterte det tekniske opplegget og bidrog med support både før og under arrangementet.

Alle skulane på Søre Sunnmøre måtte i år sette av to dagar til arrangementet, mot ein dag tidlegare. Dette vart gjort for å betre det pedagogiske opplegget for elevane, då informasjonsmengda var stor. Elevane fekk også kunnskap om høgare utdanning ved Høgskulen i Volda og framtidige yrkesval. 

Elevane kunne stille spørsmål

I dei ulike presentasjonane vart elevane møtt av lærarar og elevar/lærlingar ved vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre og opplæringskontor. Programområda vart presenterte på ulike måtar. Det var brukt live streaming, videoar/film, tekst og direkte dialog med ungdomsskuleelevane. Gjennom chatfunksjonen i Zoom var det mogleg for elevane å stille spørsmål til dei vidaregåande skulane om ting dei lurte på.

– Vi har hittil fått mange gode tilbakemeldingar frå lærarar på ungdomsskulane, men det skal  gjennomførast ei evaluering blant elevane. Vi var spente på førehand, men det digitale opplegget fungerte godt, fortel Torill Engeset, leiar i partnarskapsgruppa og koordinator for Karrieredagane på Søre Sunnmøre. Ho vil elles framheve at dei vidaregåande skulane og opplæringskontora har gjort ein kjempeinnsats for å gi 10-klassingane viktig informasjon om utdanning og yrke.

Avlyst elles – men ikkje på Søre Sunnmøre

Karrieredagane var i år avlyst i alle andre regionar i Møre og Romsdal, bortsett frå på Søre Sunnmøre, der Høgskulen i Volda tok ansvar for å organisere eit digitalt arrangement.

– Vi var opptatt av at elevane skulle få eit så godt tilbod som mogleg, og gjorde difor det vi kunne for å få arrangert karrieredagane også i år. Då er det ekstra hyggeleg at det ser ut til å ha fungert etter intensjonen, og at elevane ved ungdomsskulane har hatt god nytte av arrangementet, seier Engeset.
 

Del på