Dokfilm satsar nytt og stort

Tekst: Per Straume , Foto: Hanna Thevik

- Oppdatert

Dokfilm gjer endringar for å bli enda betre – nye sjangrar og fleire arrangement er ein del av satsinga til festivalen i 2019. 

Snart går startskotet for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Vårens koselegaste festival står 24. april klar for å ta i mot filmskaparar og gjestar. Dokfilm blir tatt til eit nytt nivå og har booka blant anna Solveig Kloppen, Netflix og Marlon Langeland til å halde foredrag om sine dokumentarseriar og opplevingar. I tillegg har dei også booka festivalen sin første artist, Myra. 

Dokfilm
Foto: Isachsen

Festivalen følger framleis tradisjonen og inviterer blant anna til UNGdok 24. april og Pitchetevling 26. april. Dokfilm har som mål å vise det beste av norsk dokumentar og fremme unge filmskaparar. Det vil bli vist rundt 70 filmar under festivalen, både norske og internasjonale dokumentarar florerer rundt på lerretet denne veka.

Sjå festivalprogrammet 24.– 28. april 
 

Heilt sidan oppstarten har festivalen blitt drevet av engasjerte studentar og frivillige, som er drivkrafta bak festivalen. Om du vil bidra med å gjere Dokfilm 2019 til den beste festivalen så langt, vil arrangørane gjerne ha di hjelp! Dei treng alltids fleire frivillige som vil hjelpe dei til å lage ein fantastisk oppleving for alle på festivalen. Her kan du melde deg som frivillig.

Dokfilm er ein festival med mykje sjel og med lang tradisjon i Volda. Ung eller gammal - Dokfilm har noko for alle!  

Les meir om festivalen og kjøp festivalpass.

Følg Dokfilm på Facebook
 

Del på