– Ein vond og vanskeleg situasjon 

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

– Dei tilsette ved Høgskulen i Volda er i ein krevjande situasjon, seier rektor Johann Roppen. Den siste tida har det kome ei rekkje medieoppslag om arbeidsmiljøutfordringar. Samstundes vert det jobba med leiarkabalen ved Avdeling for mediefag. – Vi ønskjer å vere mest muleg opne, men samstundes verne om interne prosessar og ønskjer å informere dei tilsette først. 

Bakgrunnen for saka som har fått mykje omtale i media siste tida, er at arbeidsmiljøundersøkingar konkluderer med store utfordringar på Avdeling for mediefag ved HVO. Dette har vi teke på stort alvor. Høgskulestyret har drøfta saka i fleire møte heilt inn til siste verkedag for det sittande styret, som var onsdag 31. juli. 

Styret og leiinga si vurdering er at det er nødvendig med ei rekkje tiltak for å betre arbeidsmiljøet. Ei av sakene som har vore oppe, er kven som bør leie arbeidet med å betre tilhøva vidare, seier rektor og styreleiar Roppen.  

– Dekan ved Avdeling for mediefag er øvste faglege og administrative leiar på avdelinga, og difor har rolla sjølvsagt også vore tema. I denne situasjonen har styret og høgskuleleiinga vurdert det slik at det er nødvendig at dekan trer til side og ikkje leier arbeidsmiljøprosessane på avdelinga. Det har vorte forhandla ei tid om dette, og det er ønskjeleg å få på plass ei løysing så fort som råd. Samstundes er det viktig for meg å understreke at dette på ingen måte vert sett på som ei rask og enkel løysing, seier Roppen. 

– Arbeidsmiljøproblema på avdelinga er samansett og dermed utfordrande.

Høgskuleleiinga bed om forståing for at både forhandlingar og interne tilhøve knytt til arbeidsmiljøutfordringar er noko ein i størst mogleg grad ønskjer å løyse internt. 

– Å ha utfordringar på jobben er tøft og leit for dei det gjeld, og det er vondt å lese om dette i avisa framfor å høyre det frå arbeidsgivar først. Vi ønskjer størst mogleg openheit, men også å verne om interne prosessar. Det er vanskeleg nok for dei tilsette å stå i og jobbe med slike saker, om ein i tillegg må gjere det i full offentlegheit. 

Han noterer også kritikken mot høgskuleleiinga for å ikkje å ha teke større del i medieoppslaga til no. - Fleire har peika på at vi som driv ei utdanning innan media og kommunikasjon burde handtert dette betre. Til det kan vi berre svare at konstruktiv kritikk alltid er nyttig. Vi må sjølvsagt evaluere kommunikasjonen i ettertid, og lære av det – på same måte som vi lærer studentane det. Somme saker er vanskelege. 

– No ønskjer vi å kome dit at vi kan sette inn alle krefter i arbeidet med å få til eit betre arbeidsmiljø, seier Roppen. 

Del på