Erfaringsbasert mastergrad for lærarar: Du kan framleis rekke første runde!

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Snart startar dei første lærarane på den nye erfarningsbaserte mastergrada ved HVO. Først ut er deltidsstudiet, og om du er raskt ute er det framleis råd å bli ein del av første kull, melder studieleiaren. 

Det var full jubel då Høgskulen i Volda (HVO) fekk godkjent å starte opp erfaringsbasert mastergrad i fire skulefag. – Behovet for meir utdanna lærarar i fylket er relativt stort, sa professor emeritus Peder Haug då. Han viste til at seks prosent av lærararne i grunnskulen i Møre og Romsdal hadde lektorkompetanse, medan talet for vidaregåande skule var lågare enn 30 prosent. 


Lektorkompetanse på deltid

No startar snart første kull lærarar på mastergrada. Denne hausten er det startskot for deltidsfordjuping i samfunnsfag, matematikk, norsk og engelsk. 

Studieleiar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Eivind Patrick Hanevik, har plass til fleire lærarar som ønskjer å auke kompetansa si til masternivå, og kvalifisere til lektor. Høgare kompetanse, høgare kvalitet på undervisning og høgare løn er gode argument for den erfaringsbaserte mastergrada, saman med ei organisering som gjer at ein kan studere både på heil- og deltid. Det er sistnevnte som startar no i haust, fortel Hanevik. 

- Deltidsutdanninga går over tre år. Der har vi framleis ledige plassar, freistar studieleiaren. Men: - Då må du skunde deg å søke. Vi har løpande opptak, som betyr at vi tek opp studentar ut denne månaden. Samstundes er første samling no i august, og den vil du jo helst ha med deg, smiler han. 

Eivind Patrick Hanevik
Studieleiar Eivind Patrick Hanevik ved Høgskulen i Volda.


Opna for søking til heiltidsstudium

For dei som føretrekk heiltidsutdanning over 1,5 år, er søknadsfristen litt lenger. Der startar første kull i januar 2021. Om du allereie veit du vil ta til på mastergrada, treng du imidlertid ikkje vente. 

– Vi har opna for at du kan søke allereie, fortel Hanevik. Han håper å sjå mange lærarar attende på skulebenken i tida framover. 


Kravet for å ta den nye mastergraden er fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i faget ein vil ha som fordjuping og minst 2 års relevant yrkespraksis. 


Les meir og søk her:

Erfaringsbasert mastergrad på deltid med studiestart i august 2020: 


Erfaringsbasert mastergrad på heiltid med studiestart i januar 2021:




 

Del på