Få hjelp med kjelder og referansar på Zoom

Tekst: Per Straume

Synest du referansar er noko herk? Vert du APAtisk av tanken på kjeldelista? Då kan dei tilsette på biblioteket hjelpe deg. 

I biblioteket sin kjeldesorteringsstasjon i Zoom kan du som student få hjelp og rettleiing med kjeldene og referansane dine etter APA.

Kjeldesorteringsstasjon

Dei tilsette på biblioteket set ikkje opp heile kjeldelista di, men dei kan rettleie deg på nokre døme du ynskjer hjelp med.

Tidspunkt: Drop-in kvar tysdag og torsdag 12.00–14.00 i vekene 46-48.

Drop in, dei kjekke bibliotektilsette sit klare til å hjelpe deg!

Du finn dei i Zoom her.
 

Del på