Fagdag om psykisk helse trekte full sal

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Tilsette i helse- og omsorg- og skulesektoren frå heile regionen, i tillegg til høgskulen sine eigne tilsette og studentar, fylte opp det store auditoriet for å få med seg ny kunnskap og gode tips og triks om psykisk helse frå professor Arne Holte.

Holte, som er ein av dei fremste i landet i fagfeltet helsepsykologi, er ein mykje brukt foredragshaldar og klarte også å fenge publikum ved Høgskulen i Volda. Han starta dagen med å love salen at dei skulle ha meir kunnskap om psykisk helse enn det toppleiinga i Helse- og omsorgsdepartementet har. Gjennom eit innhaldsrikt program var professoren innom både samfunnsøkonomiske perspektiv, kva samfunnet som heilskap bør gjere for å at befolkninga skal få best mogleg psykisk helse og kva kvar einskild på arbeidsplassen og elles kan gjere for si og andre si psykiske helse.

– Det må vere like naturlig å snakke om psykisk helse som influensa. Vi må lære oss å sjå på det slik, sa Holte som var svært opptatt av at ein må sette inn tiltak før folk blir psykisk sjuke.

Studentar med psykiske utfordringar

Bakgrunnen for fagdagen var SHoT-undersøkinga, studentane si helse- og trivselsundersøking, som vart gjennomført i 2018. Den viste at studentane ved Høgskulen i Volda låg litt over landsgjennomsnittet når det kjem til psykiske utfordringar og bruk av rusmidlar.

– Som ved andre universitet og høgskular melder også våre studentar frå om einsemd og bruk av rusmidlar. Mange svarar at dei generelt sett trivast på høgskulen og i høgskulemiljøet, men ein del har det også tøft, seier prorektor Jens Standal Groven.

Fagdag
Prorektor Jens Standal Groven (t.v.) var glad for å få ein kapasitet som Arne Holte (t.h.) til Høgskulen i Volda for å sette psykisk helse på agendaen.

Tenker folkehelse

Høgskulen forsøker å gjere akkurat noko av det som Arne Holte snakka om under fagdagen. I staden for å behandle nokon få, vil ein heller rette innsatsen mot å forebygge for mange.

– Vi tenker folkehelse generelt for alle studentar i staden for å gjere nokre spesielle tiltak no, seier Groven.

Nettopp difor var også fagdagen mest retta mot dei tilsette ved høgskulen. – Det er fordi vi tenker at det vil gagne alle studentane. Får dei tilsette fagleg påfyll om psykisk helse, gode verktøy og tips er det noko dei kan bruke overfor studentane, seier studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim. 

Fleire tiltak kjem

Etter at Høgskulen fekk resultata frå SHoT-undersøkinga, sette ein seg ned saman med Studentsamskipnaden i Volda og Studentparlamentet for å finne ut av ulike tiltak. Den svært så innhaldsrike og fengande dagen leia av professor Arne Holte var eit resultat av dette. Noko ein fekk til etter å ha fått tilslag på pengar frå Helsedirektoratet.

– Vi har allereie sett i gang tiltak og fleire vil kome. Dette var mest retta mot tilsette, til hausten vil vi få til noko som er meir studentretta, fortel Groven. 
 

Del på