Fekk eksklusivt innblikk i innovasjon og omstilling

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Korleis skal den maritime industrien i regionen forsøke å overleve i ein knalltøff marknad og kva kan det topp moderne Skaparhuset i Ulsteinvik bidra til av utvikling og læring for framtida. Dette fekk planlegging og administrasjon-studentar frå Høgskulen i Volda svaret på då dei nyleg var på ekskursjon.

Nyleg var studentar frå emna IPA 202 Lokalsamfunnsutvikling og planlegging, IPA 213 The European Union and Regional development: theories and practice og IPA 113 Regional development in the European Union på studietur til Ulsteinvik. Det var lagt opp til eit spennande program der studentar og tilsette fekk innføring i ideen bak Skaparhuset og kva det vert nytta til. 

Inspirerande

Dagleg leiar ved Skaparhuset, Kjersti Kleven, gav ei spennande innføring i korleis Skaparhuset fungerer som ein arena for livslang læring og  som møtestad for innovasjon og samarbeid. Lokala til Skaparhuset ligg sentralt i Ulsteinvik sentrum og er hyppig nytta av skuleelevar i alle aldrar, som møtestad for næringslivet og for andre som måtte ønskje det, anten dei ville prøve ut idear, nytte avansert teknisk utstyr, låne seg ein kontorplass, eller møtast for å utveksle og prøve ut nye idear.

Kjersti Kleven
Dagleg leiar ved Skaparhuset, Kjersti Kleven, snakka om Skaparhuset til studentane.

Høgskulen i Volda er ein av institusjonane som bidreg i finansieringa av skaparhuset og ved å nytte både lokala og dei som jobbar der i samband med studietur, får ein eit godt innblikk i kva potensiale som ligg i eit slikt samarbeid.  

– Først og fremst ønskte vi at denne studieturen skulle eit godt innblikk i korleis ulike aktørar må jobbe ilag for å skape innovasjon og omstilling. Like eins betydinga av at det finst arenaer der dei ulike aktørane kan møtast, fortel førstelektor ved Høgskulen i Volda, Grethe Mari Mattland Olsen, før ho skyt inn:

– Eg fekk nettopp ei tilbakemelding frå to av studentane som var med på turen, og som trakk fram det positive engasjementet hos innleiarane som inspirerande.

Les meir om:

Ser stort og viktig potensiale

Ein av dei som inspirerte studentane var Dr. Jose Jorge Garcia Agis, som er tilsett som Senior Business Analyst i Ulstein Group ASA. Han snakka om utviklinga innan den maritime industrien, korleis marknaden har vorte råka av finanskriser og koronakrise og korleis ein jobbar for å sikre framtida for verftsindustrien i vår region.

Dr. Jose Jorge Garcia Agis
Dr. Jose Jorge Garcia Agis, Senior Business Analyst i Ulstein Group ASA, heldt eit innhaldsrikt innlegg for studentane.

Som ei lita klynge i eit land med høge lønskostnader er utfordringa å finne måtar å vere konkurransedyktig på i konkurranse med store nasjonar med meir aggressive strategiar for å lukkast. Korleis omstiller vi oss og korleis skal vi overleve? Er løysinga nye produkt eller utvikling av nye tenester? Handlar det om å bli meir effektiv, og/eller handlar det om ny kunnskap og ekspertise? Er behovet for spesialskip stort nok til å redde næringa eller må ein utvikle nye produkt retta mot andre marknadar? 

Ifølgje Agis er særleg ettermarknaden eit område der ein ser eit stort og viktig potensiale framover. Til dømes kan ein følgje med energiforbruket på skip under transport og under ulike omstende og sjå om man greier å utnytte potensialet og såleis drifte skipet på den mest miljøvennlege måten. Nye energiformer vert også forska på. 

Trivsel og vellukka næringsliv

Mafoss (Maritim foreining for Søre Sunnmøre) ved CEO Jan Thormodsæter og prosjektmedarbeidar Jannike Tuvik Skarbø held fram med å snakke om utfordringane for den maritime klynga, særleg knytt til behovet for kompetanse, kva typar kompetanse er viktig i framtida? Her er Mafoss i gang med eit større prosjekt som kartlegg situasjonen i dag, når det gjeld kompetanse i regionen vår. Dei kom vidare inn på utfordringane knytt til den kjønnsdelte arbeidsmarknaden i regionen og korleis ein burde endre både haldningar og handling til å gjere arbeidsmarknaden meir attraktiv for kvinner. 

CEO Jan Thormodsæter og prosjektmedarbeidar Jannike Tuvik Skarbø
CEO Jan Thormodsæter og prosjektmedarbeidar Jannike Tuvik Skarbø i Mafoss fortalde om fortida og eit større prosjekt dei held på med for framtida.

Den maritime næringa er ikkje liv laga viss ein ikkje samstundes lykkast i å legge til rette for at folk skal kunne trivast. Ulstein kommune har i samarbeid med  næringslivet, lokale bankar, Møre og Romsdal Fylkeskommune og ikkje minst frivillige lag og organisasjonar, lagt ned eit stort arbeid i såkalla tettstadsprogram for å gjere sentrum meir attraktivt. 

Dette inneber tilrettelegging i form av grøne lunger, men også ved å legge til rette for at aktivitetar finn stad i sentrum, og såleis skapar meir liv og røre i sentrumsområdet. Eit viktig døme er Ulstein Arena som inneheld både symje- og idrettshall i tillegg til bibliotek. Sjef for Kultur Leif Ringstad og kommunedirektør Verner Larsen heldt eit interessant innlegg om dette, der også utfordringar knytt til korleis konjunkturane i næringslivet får konsekvensar for kommuneøkonomien var tema. 

IPAS på ekskursjon
Sjef for Kultur Leif Ringstad og kommunedirektør Verner Larsen i Ulstein kommune fortalde studentane om utviklinga av sentrumsområdet i Ulsteinvik.

 

Del på