Festskrift til Magnar Åm

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Den 9. april fyller komponist og professor Magnar Åm 70 år, og kollegaer på HVO har teke initiativ til eit festskrift, med tittelen Stemma og stilla i musikk og litteratur

Dei fire redaktørane kjem frå tre avdelingar og fire institutt, og i boka er det innlegg frå kollegaer frå alle avdelingane ved Høgskulen. Det speglar godt den sterke tverrfaglege interessa til jubilanten, som i tillegg til å dirigera og komponera, også er oppteken av musikkterapi, litteratur og nye former for formidling.

I tillegg til kollegaer ved Høgskulen har komponistar, forfattarar, musikarar som har oppført Åms verk og fleire av studentane hans skrive i festskriftet. Det inneheld også ein omfattande bibliografi og verksliste, laga av bibliotekaren Kirsti Langstøyl. Samla sett får ein difor eit godt bilete av kva Magnar Åm har arbeidd med og interessert seg for gjennom karrieren.

Boka fokuserer både på komponisten, pedagogen, dirigenten og samfunnsmennesket Magnar Åm. Heilt frå starten av komposisjonsarbeidet hans har musikken som erkjenningsform stått sentralt, men også trongen til å bryte grensene mellom etablerte former og konvensjonar. Dette har fungert som leietrådar også for bidraga til denne antologien. Målet har ikkje berre vore å lage eit heidersskrift til éin person, men å vere ei kjelde til ny innsikt.
 

Magnar Åm
Magnar Åm tek imot applaus i Volda kyrkje i 2017.

Musikk og litteratur handlar om skaping og formidling av meining. Slik sett er det paradoksalt å snakke om stille som eit sentralt kjenneteikn ved desse kunstartane. Men alle som les og lyttar aktivt, veit at det er meir å hente i kunsten enn det som ligg i det umiddelbare og eksplisitte uttrykket. Stemma (i vid tyding) har stilla som si komplementære motsetning. 

Første hovuddel av antologien gir ein kortfatta teoretisk bakgrunn for ei tverrvitskapleg forsking på musikk og litteratur. Bidraga som følgjer ser ikkje på kunstverka berre som ferdige produkt, men som delar av ein levande praksis, i møtet mellom komponist, forfattar, musikk, tekst, utøvar og mottakar. I neste del blir vi tekne med inn i verkstaden til komponistar og musikarar som kommenterer musikken til Magnar Åm, men også sin eigen i dette lyset. I siste del kryssar vi grensa mellom kunsten og andre erfaringsformer, med eudaimonia som samlande omgrep: Korleis kan ein kan leve eit fullstendig og meiningsfullt liv? 

Magnar Åm

Boka er skriven av forskarar frå ulike fagfelt som litteratur, musikk, naturvitskap, friluftsliv, men også av utøvande kunstnarar: komponistar, musikarar og forfattarar. I møtet mellom forsking og kunst, gjennom vitskaplege artiklar og faglege essay, oppstår det ein samtale som skaper erkjenning på tvers av fastlåste grenser. 

Boka er redigert av Geir Hjorthol, Helga Synnevåg Løvoll, Elizabeth Oltedal og Jan Inge Sørbø og kjem ut Cappelen Damm, i serien Religionsfag Profil, knytt til Institutt for religion og livssyn ved HVO. Forfattarane er komponistane Kjell Habbestad, Knut Vaage, Kristin Bolstad,Tine Grieg Viig og Magnar Åm sjølv (som ikkje visste om festskriftet), forfattarane Lars Amund Vaage, Torgeir Rebolledo Pedersen, musikarane Lars Erik ter Jung  og Andreas Barth. Filosofen Vibeke Andrea Tellman (UiB) er også med.  Dei HVO-tilsette skribentane er Stein Helge Solstad, Øystein Salhus, Erik C. Fooladi, Gunnar Strøm og Wenche Torrissen, i tillegg til redaktørane. 
 

Del på