– Fridomen som student får du aldri igjen – nyt den

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim utfordra studentane til å til å setje pris på det privilegiet det er å vere student under opninga av det nye studieåret ved Høgskulen i Volda. Både sosialt og fagleg.

Den tradisjonsrike opningsseremonien der alle nye studentar har blitt ønska velkomen til høgskulen samla framfor ei scene, var i år gjort koronavenleg. Gjennom fleire storskjermar på høgskuleområdet fekk dei nye studentane bli med på ei lita rundreise gjennom høgskulen, sett og vite litt meir om Volda og ønska spesielt velkomen av minister Asheim, rektor Johann Roppen, leiar i Studentparlamentet Trym Rimmen, faddervekasjef Helena Heimer Rognstad og PR-ansvarleg for fadderveka Ida Rindal.

Verdifull kunnskap

Asheim var opptatt av at studentane skal gripe moglegheita som student, kose seg og nytte tida som student til å lære mykje. For å sette fridomen dei har litt i perspektiv, meinte han at folk for 100 år sidan ville ha ledd om dei fekk vite over ein kvart million nordmenn i sin beste alder skulle «kjøpast fri» for å lese, studere og realisere seg sjølv.

– Moglegheitene vi har var ein fjern draum for dei, slik det framleis er for alt for mange menneske i verda i dag. Eg er ikkje blant dei som rettar ein peikefinger mot studentar som ikkje flyttar inn på lesesalen, eller mot dei som tek seg ein fest i ny og ne. Fridomen du får i studietida får du aldri igjen, så nyt det.  Men det same gjeld sjølve studia. De har tilgang til vanvitig smarte folk. De kan dykke ned i eit endelaust tal hyllemeter med forsking og litteratur i verdsklasse, sa Asheim, som avslutta med desse orda:

– Det siste halvåret har vist kor viktig det er med openheit, både i praktisk og akademisk tyding. Og det har vist kor viktig og verdifullt det er med kunnskap. 
Både for å takle pandemien, og for vegen vidare. God studiestart, kjære studentar og tilsette. 

AasheimForskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim talte til studentane gjennom video.

Volda = spennande jobbar

Sjølv om ikkje alt var som ved ei normal opning av studieåret, hadde også i år rektor Johann Roppen mange velvalde ord i si velkomsthelsing til dei nye studentane – tradisjonen tru ulasteleg kledd i sin sommarlege, lyse dress.

– Når du har valt Volda så kan det vere trygt å vite at mange andre har tenkt på same måte: Vi har fleire studentar enn nokon gong før, og dei aller fleste finn ut at dei finn seg spennande jobbar med ei utdanning frå Høgskulen i Volda.

I lag med dei andre talarane og informasjon undervegs, var Roppen oppteken av at ein må halde fram med å ta koronaviruset på alvor og følgje smittevernråda nøye. For å vere med på å takle ein slik pandemi og andre store utfordringar i framtida peika rektoren på kor viktig god og rett kunnskap er.

– Korona-pandemien er ei av dei store samfunnsutfordringane i vår tid, i lag med andre utfordringar som miljø, ulikskap og fredsarbeid. Samfunnsutfordringane kan berre løysast gjennom at vi skaffar, deler og brukar kunnskap. Slik sett er ikkje handtering av koronakrisa ulik andre store samfunnsutfordringar. Og slik kunnskap kan få på utdanningane ved Høgskulen i Volda. Kunnskap som ikkje berre gir deg jobb etter studiet, men også kunnskapar for framtida, for å lære heile livet, sa Roppen.


Under her kan du sjå opningsfilmen for studieåret 2020/21

Omsorg og skryt

Studentparlament-leiar Rimmen delte tre verdiar med sine komande medstudentar då han tok ordet. Rimmen oppmoda dei til å vere flinke til å sjå og høyre kvarandre, spørje andre «Korleis har du det?» og svare ærleg når ein blir spurt. – Gi kvarandre skryt når ein meistrar, og ver raus med deg sjølv og andre.

Å vere stolt av den ein er, var det andre velmeinte rådet frå Rimmen. Han sjølv står stolt fram som dyslektikar. Han rådde studentane til ikkje å la andre førehandsdøme seg og bli sett i bås. Det siste læresetninga frå studentleiaren gjekk på at studentane ikkje må vere redd for å gjere feil. – Lærdomen kjem ofte frå ein bom og ikkje når ein treff innertiar kvar gang.

– Vi er her for dykk

Den røde tråden med varme og tanke gjennom heile opninga heldt dei ansvarlege for Fadderveka godt i då dei snakka til sine nye medstudentar. 

Faddervekasjef Helena Heimer Rognstad og PR-ansvarleg for fadderveka Ida Rindal og resten av faddervekastyret har arbeidd hardt gjennom sommaren for å få til ei så trygg og god fadderveke som mogleg. Difor var det ekstra godt for dei å sjå at dei nye studentane på plass i Volda. Etter å ha ønska dei varmt velkomen, kom dei med ei oppmoding:

– Hugs å halde ein meter avstand og vask hendene godt. Hald deg heime om du er sjuk. Dette gjer vi for at alle skal ha ein trygg studiestart, og så vi kan gjennomføre fadderveka på tryggast og best mogleg måte, sa Rognstad og Rindal.

For dei handlar fadderveka om å bli kjent med medstudentar og Volda, og få ein start som gjer alle trygge og inkludert.

– Ikkje gløym å ta vare på og sjå kvarandre. Styret og fadrane er her for dykk. Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss om det skulle vere noko som helst. I Volda er det plass til alle – også under koronaviruset. Vi er så glade for at du er komen hit, avslutta den smilande duoen.

Følg fadderveka i sosiale medium på @faddervekaivolda. Der vil det dagleg bli lagt ut bilde og videoar, og kanskje nokre tips og triks til korleis ein kan ein ekstra fin studiestart i Volda

Stemningsrapport frå semesteropninga. 

Del på