Frode Sætre med bokslepp om vikingskipepoken i Bjørkedalen

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

I samband med Forskingsdagane 2022 inviterer Høgskulen i Volda (HVO) med temaet HAV til eit spennande møte med båtbyggarkulturen på Bjørkedalen i Volda fyrstkommande laurdag. Høgdepunktet for arrangementet er lansering av boka Eventyrlege Vikingskip ved Frode Sætre, senior førstelektor i idrett og friluftsliv ved HVO.

Boka fortel om Vikingskipsepoken på Bjørkedalen som starta tidleg på 70-talet og varer enno. Det er dei store vikingskipa som har hovudfokus, då bygginga og ikkje minst bruken av desse med Ragnar Thorseth i spissen, gav Bjørkedalen og Volda kommune mykje god reklame, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Internasjonalt gav også ekspedisjonane med skipa framifrå marknadsføring av Noreg. Den store mediedekninga i alle typar media jorda rundt, og opp til 7000 frammøtte til båtdragarstemne og sjøsetting, syner interessa for desse hendingane.  

Båtbyggjarane på Bjørkedalen har utvikla spesialkompetanse knytt til rekonstruksjon og bygging av vikingskip sidan 1973, då Kvalsundskipet vart bygt, og heilt fram til 2019 då Myklebustskipet vart sjøsett. Mellom desse to hendingane har sju andre store vikingskip vorte bygde, hovudsakleg i Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen.

Jakob Kolbein Helset, i Pergarden på Helset, har bygt 15 mindre vikingskip på rundt 35 fot, samt Olav Tryggvason, bygt etter modell av Gokstadskipet i skala 2:3.

Boka fortel om forhistoria til  skipa, bygging, båtdraging, sjøsetting og bruk, og gir eksempel på medieomtale frå både lokal, regional, nasjonal og internasjonal presse. Undervegs får lesaren også den spanande forteljinga om det dramatiske forliset i Middelhavet i 1992, der knarren Saga Siglar og Osbergskips-kopien Oseberg gjekk ned. Boka presenterer vikingskipa i kronologisk rekkefølgje, frå 1973 til 2019, og er rikt illustrert med bilde.

Ragnar Thorseth er ein svært sentral person når det gjeld bestilling og bruk av desse skipa, då han har fått bygt eller kjøpt fem av dei ni presenterte vikingskipa. Thorseth har vore svært dyktig når det gjeld bruk av media til å marknadsføre prosjekta sine. Mediedekninga av ekspedisjonane hans over verdshava, i opne vikingskip, manglar truleg sidestykke i norsk historie. Boka gir ramsalte forteljingar og foto frå desse ekspedisjonane, og mot slutten får ein presentert eit fortruleg intervju med Ragnar, der ein vert nærare kjent med denne oppdagaren og dei eventyrlege ekspedisjonane hans.

Å samle alt dette mellom to permar er viktig historisk dokumentasjon, både for dei som lever i dag og for etterkomarane våre. Boka vil vere interessant lesnad for vikingskipsentusiastar, trebåtentusiastar, båtinteresserte, folk med tilknyting til Bjørkedalen, for dei som er interesserte i kystkultur og historie, og dei  som likar spanande historier knytt til bruken av desse vikingskipa.

Frode Sætre har, gjennom eit FOU-arbeid ved Høgskulen i Volda, vore initiativtakar, prosjektleiar og forfattar knytt til dette bokprosjektet. Han er senior førstelektor i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda, Institutt for idrett og friluftsliv. Frode har i fleire tiår undervist i kystfriluftsliv og er ein ivrig seglar og båtmann.

Han har tidlegare gitt ut desse bøkene: «Yksnøya. Liv og sjøliv» (2009). Saman med Tore Aarflot har han gitt ut boka, «Frå tare til topp. Turar og opplevingar Sørøyane på Sunnmøre» (2012)». Boka/artikkelsamlinga «Båtbygging på Bjørkedalen» kom ut i  2019, der Sætre var redaktør og forfattar av fleire artiklar.

Boklansering på Bjørkedalen laurdag 1. oktober

I samband med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda vert det boklansering på Bjørkedalen laurdag 1. oktober 2022. Arrangementet har namnet «Kyst- og kulturarv på Bjørkedalen», og i tillegg til boklansering vert det omvisning, rundreise, demonstrasjon m.m. Dette er eit samarbeidsarrangement knytt til markering av kulturminnedagane med temaet DRIVKRAFT i regi av Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag og Bjørkedalen kystlag/Forbundet kysten. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Ragnar Thoseth, som er svært sental i boka, kjem til boklanseringa på Bjørkedalen

Ragnar Thorseth som har segla verdshava med vikingskip bygde på Bjørkedalen, kjem til boklanseringa. Han har med seg færingen «Brattholm Havila» som vert plassert utanfor grendehuset på Bjørkedalen. Interesserte kan då få sjå båten Ragnar nytta til Shetlands-turen i 2015, og kanskje snakke med skipperen.

Ragnar Thorseth under seglas med fjæringen "Brattholm Havila"
Ragnar Thorseth under seglas med fjæringen «Brattholm Havila»

Del på