Fyrstehjelp i eksamenstida

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Treng du hjelp med oppgåveskriving, kjelder, referansar og hugseteknikk eller treng du ei pause frå eksamen eller ein eksamensboost? Då må du sjå programmet for Fyrstehjelp i eksamenstida 23.–26. november! 

I fjor haust blei det ein suksess og studentane ynskja ei reprise av denne veka. Biblioteket og Velferdsgruppa har difor sett saman eit program med ekstra tilbod for studentane i eksamenstida. 

FØLG MED PÅ BIBLIOTEKET SI FACEBOOK-SIDE FOR PROGRAM

Oppgåvehjelp og kjeldesortering

Måndag 23. november og onsdag 25. november kl. 12.00–14.00 kan ein få oppgåvehjelp. Der sit det tre blide og flinke damer frå biblioteket som kan hjelpe deg om oppgåva er vanskeleg å forstå eller om du står fast i skriveprosessen. Det forventast at du sjølv er aktivt deltakande i rettleiinga. Du kan få hjelp med å forstå oppgåveformuleringar, struktur, språk og anna. Du får ikkje hjelp med språkvask, vurdering av nivå på oppgåva di, retting eller fagleg rettleiing. Ta med oppgåva di og oppgåvetekst eller problemstilling og kom til ein dialogbasert samtale i Zoom.

Kjeldesorteringsstasjonen held fram tysdag 24. november og torsdag 26. november kl. 12.00–14.00 i Zoom. Her kan ein få hjelp med kjelder og referansar etter APA. Dei tilsette på biblioteket set ikkje opp heile kjeldelista di, men dei kan rettleie deg på nokre døme du ynskjer hjelp med. Du kan og få hjelp med Word-referanseverktøy av Jørn Persson som arbeider på IT og er med på kjeldesorteringsstasjonen. 

Kurs med verdsmeister i hukommelse

Det vil og bli kurs i hugseteknikk med Oddbjørn By i Zoom på onsdag 25. november. Memo-studieteknikk hjelp deg å hugse meir på kortare tid. By er verdsmeister i hukommelse og er kjent frå Norske Talenter (2018), Puls, Schrödingers Katt, Newton med fleire. Både den amerikanske meisteren og verdsmeisteren i hukommelse starta med Memo-boka, så Oddbjørn er ikkje berre god til å huske, han er og god til å lære ifrå seg. Få med deg kurset på Zoom her. Les meir om Memo her: www.oby.no  

Podkast, yoga og vennskapskafé

Podkrastinasjonen vil kome med ei ny episode på Spotify i veke 48 om EksamensBoost. Dette kurset blei veldig populært i fjor, og i år er det valt ei digital løysing som ein kan høyre når ein vil. Dei to dyktige damene, studentrådgjevar Eli Anne Løksa og studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen, vil blant anna gje deg som student tips om korleis du kan slappe av, korleis du kan gire opp, kva du bør huske på i eksamenstida og nokre generelle tips og råd frå eigen erfaring.  

Måndag 23. november kan ein vere med på yoga i kantina. Torsdag 26. november er det vennskapskafé på Kaarstadstova (Kaarstad 100). Der vil den prisbelønte kortfilmen Pearl Diver laga av animasjonsstudenten Margrethe Danielsen bli vist.

Det vil vere utstilling i biblioteket heile veka og pauseunderhaldning med fargelegging og sudoku om ein treng eit avbrekk frå studiane eller å tenkje på noko anna. Det vil også dukke opp overraskingar og pop-up i løpet av veka.

Arrangørane tek smittevernreglane på alvor. Du skal framleis halde deg heime om du er sjuk og halde minst ein meter avstand til kvarandre. Arrangement med fysisk oppmøte vil haldast innanfor dei gjeldande smittevernreglane. Det vil alltid vere ein ansvarleg til stades og deltakarane sine personalia og telefonnummer vil bli registrert. 

Del på