Fysisk og digital undervisning ved HVO frå veke 4

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Måndag 18. januar kom regjeringa med nye retningslinjer for Korona-tiltak. For universitet og høgskular tilrår regjeringa ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning om mogleg. Dette vert det opna for i område med lågt smittetrykk og der det er mogleg å vere i små grupper. Difor byrjer Høgskulen i Volda delvis med fysisk undervisning att frå måndag i veke 4.

Kriseleiinga oppmodar studentar om å sjå til Canvas for informasjon knytt til sitt studium. Kunnskapsdepartementet presiserer at reiser til studiestad og praksisstad er definert som ei naudsynt reise, og fell difor ikkje under den generelle tilrådinga om ikkje å reise. 

For samlingsbasert undervisning held vi fram med digital undervisning ut februar som tidlegare kommunisert. Heimekontor-tilrådingane for tilsette vert vidareført. 

Regjeringa har varsla at dei noverande tiltaka vil gjelde så lenge det er naudsynt, men at dei vil vurdere situasjonen fortløpande. 
 

 

 

Del på