Fysisk undervisning frå 19. april

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: FHI

- Oppdatert

Etter regjeringa annonserte gradvis letting av Korona-tiltak, kan Høgskulen i Volda gå attende til fysisk undervisning. Tiltaksnivået vert som før innstramminga i samband med påskeferien. Alle studentar vert oppmoda til å følge med i Canvas for informasjon knytt til undervisning, og på Korona-informasjon både lokalt og nasjonalt. 


Regjeringa har starta gjenopninga av samfunnet etter dei nasjonale Korona-tiltaka som vart lansert i forkant av påskeferien. No er tiltaka tilbake til det nivået vi hadde før innstramminga før påskeferien. For studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) betyr det at det vert opna for fysisk undervisning frå måndag 19. april. Dørene til dei ulike husa vil vere opne som vanleg. 

Grupper på 50 studentar

- Vi følgjer regjeringa si tilråding om fysisk undervisning minst ein gong i veka når dette er mogleg å gjennomføre i mindre grupper og i tråd med smittevernråda, seier kriseleiar og direktør Karen Lomeland Jacobsen. 

Ho fortel at praksis vil gå som planlagt. Det vert heller ingen større endringar for studentar og tilsette frå det som tidlegare er kommunisert: - Samlingsbasert undervisning er allereie vedteke å vere digitale ut semesteret. Det same gjeld skriftleg skuleeksamen, seier Lomeland Jacobsen. 

Ho oppmodar studentar om å sjå til fagspesifikke Canvas-rom for detaljert informasjon knytt til sine studium. 

Følg med på nasjonale og lokale smittevernråd

For tilsette vil ein halde fram med å tilrå heimekontor til dei som kan ha dette. Det er framleis nasjonalt tilrådd å unngå unødige reiser, men reiser til og frå studiestad vert rekna som naudsynt. 

- Elles gjeld det som alltid: Vask hendene og hald deg heime om du ikkje er i form. Hald dykk oppdaterte på lokale og nasjonale smittevernråd. Ta vare på deg sjølv og kvarandre, oppmoder Lomeland Jacobsen. 
 

Del på