Gjennomført over 400 eksamenar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fredag 23. juni var siste eksamensdato for vårsemesteret ved Høgskulen i Volda – noko som blei slutten for godt over 400 eksamenar i ulike former ved Høgskulen i Volda dette semesteret. 

Med det har Høgskulen i Volda (HVO) igjen takka av ei rekke studentar som har fullført utdanninga si ved HVO og kan ta til på arbeidslivet, eller halde fram i jobb med enda betre kompetanse. Vi ønsker alle lykke til!

Mange av dei som er ferdig eksamen for dette studieåret, vil vi sjå igjen på høgskulen til hausten. Det blir stas!

Les meir om eksamen ved Høgskulen i Volda her

Suksess-markering

Nokre av dei som er ferdig med utdanninga si (i alle fall for no) er dei som har studert masterane i Samfunnsplanlegging og leiing, Helse- og sosialfag og Kulturmøte. Du kan sjå dei på bildet øvst i denne saka.

Desse masterane har aldri hatt ei fellesmarkering tidlegare, før dei no gjorde det i juni. I historiske og ærverdige omgjevnader i Kaarstad-huset blei det ei markering som Avdeling for samfunnsfag og historie ønsker å gjenta.

Studentane bidrog

Seremonien vart leia på ein utmerka måte av dekan ved ASH, Randi Bergem. Elles var det helsingar frå rektor, Johann Roppen, og studieprogramansvarlege Bjarte Folkestad og Finn Ove Båtevik. Tanya Hunhammer og Vilde Moltudal Igland bidrog med helsingar på vegner av masterkandidatane.

Seremonien var svært vellykka, og studentane sette stor pris på arrangementet. Nokre av studentane hadde endåtil reist frå Stavanger for å delta.
 

Del på