God jul, kjære studentar

Tekst: Per Straume

Leiinga ved Høgskulen i Volda ønskjer studentane god jul og godt nytt år i denne helsinga.


Kjære studentar ved Høgskulen i Volda: 
 
Vi har snart lagt bak oss eit år som på alle måtar har vore minneverdig både for kvar og ein av oss – for Høgskulen i Volda – og faktisk for heile verda. Koronapandemien har gitt oss utfordringar ingen av oss kunne vere førebudde på for eitt år sidan då viruset og sjukdomen berre vart oppfatta som ein heilt lokalt og mystisk smitte i ein by i Kina.  
 
Vi har etter forholda sloppe billig unna pandemien ved høgskulen og i nærmiljøet. Det har likevel vore hardt arbeid og store omleggingar også for oss – både studentar og tilsette. Det har vore krevjande, men samstundes lærerikt. Vi måtte på kort varsel legge om både undervisninga og eksamen. Det var og er krevjande både for studentar og tilsette, men de har alle handtert det på strak arm! 
 
Vi er likevel bekymra for korleis det er å vere student under pandemien. Dei mange gode møteplassane og kulturarrangementa for studentar i Studiebygda Volda har anten vorte borte eller sterkt avgrensa. Det var også ei spesiell Fadderveka som vart godt gjennomført under vanskelege forhold. 
 
Mange studentar fortel at dei kjenner på sterk einsemd. Høgskulen har difor prøvd å skape møteplassar for studentar ved å halde fram med mest mogleg fysisk undervisning og ved å ha eit sosialt tilbod gjennom velferdsgruppa i samarbeid med samskipnaden, studenthumanisten og studentprestane. Dette vil vi halde fram med og vil prøve å gjere tilboda endå betre i tida framover. 
 
Men 2020 har vore meir enn korona: Høgskulen har hausten 2020 heile 4.750 studentar, og det er fleire enn nokon gong tidlegare. Vi har også rekordmange tilsette og det er trangt både i undervisningslokale, grupperom, på parkeringsplassane og i arbeidsroma for tilsette. Kunnskapsdepartementet har gitt oss pålegg om å investere dei neste to åra og oppgradering av Hans Strøm-huset er neste store prosjekt når vi flyttar inn i Sivert Aarflot-huset til neste sommar. Det er også spennande byggeprosjekt på gang med mellom anna symjehall som vidareføring av Volda Campus Sparebank1 Arena og Kunnskapspark. Ting skjer fort rundt oss og det er opp til oss både å henge med og å påverke utviklinga på ein god måte. Både utomhus og innomhus. Til det har vi fått hjelp av ein Campusutviklingsplan som vi gjorde ferdig tidlegare i år. 
 
Så utviklinga av høgskulen og høgskuleområdet stoppar neimen ikkje opp – og det skal vi vere glade for som ein liten og profilert høgskule som er avhengig av gode samarbeid både lokalt og regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 
 
Rektoratet og direktør vil med dette takke kvar og ein av våre studentar for innsatsen de har lagt ned for å få dette året til å bli best mogleg.               . 
 
God jul og godt nytt år til alle studentar ved Høgskulen i Volda!
 
Helsing

Rektor Johann Roppen / Direktør Karen Lomeland Jacobsen / Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim 
 

Del på