- Ha låg terskel for å teste deg

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Trine Helgerud

- Oppdatert

I ei pressemelding frå Volda kommune presiserer kriseleiinga at det ikkje er innført lokale tiltak i samband med dei nye tiltaka på austlandet. - Det er nasjonale retningslinjer som gjeld, men ha låg terskel for å teste deg for Covid-19 om du har vore i desse områda, oppmodar dei. 

Dette skriv Volda kommune i pressemeldinga 25. januar:

Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive prøvesvar for covid-19. Vi har derimot fått mange spørsmål kring råd som gjeld her lokalt i samband med dei nye tiltaka som har kome på austlandet. Vi vil difor forsøke å kome med tydelegare informasjon, særskilt for dei som har vore på reise.

Ørsta og Volda kommunar har ikkje innført eigne lokale tiltak, men vi følger dei nasjonale råda som regjeringa har kome med. 

Slik situasjonen er no anbefaler ikkje Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet at kommunane innfører eigne reglar om karantene. Heller ikkje for personar som reiser ut frå kommunane på austlandet som er omfatta av dei nye tiltaka i samband med det muterte viruset. 

Råd for deg som har reist frå affiserte kommunar på austlandet:

  • Hald avstand til andre
  • Ikkje oppsøk stadar der det er vanskeleg å halde avstand
  • Ha svært låg terskel for å teste deg

Elevar kan gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv om ein har vore i kommunane på austlandet som har fått innført nye tiltak (24.01.21).

Det er ikkje lurt å invitere vennane dine heim på besøk rett etter at du har kome heim frå reise i desse områda. Dei som har vore nær nokon som har vore sjuke må vere ekstra varsame og teste seg. 

Råd som gjeld for alle:

  • Gjennomfør berre nødvendige reiser
  • Ha få nærkontakter
  • Unngå å gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien dersom du har vore utanlands eller i områder i Norge med mykje smitte. Vent i 10 dagar og hald minst 2 meter avsand frå folk i risikogruppe. Det vert gjort unntak ved alvorlig sjukdom og i livets sluttfase i samråd med sjukeheimen

Det vart innført ei rekkje nasjonale tiltak 4. januar og nye råd 18. januar som medførte lettelsar for barn og unge. Det er desse råda som framleis gjeld her lokalt.

Del på