Hanne Sofie Økland Andresen ny leiar av NJ Student

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: NJ

- Oppdatert

Andresen er journaliststudent på tredje året ved Høgskulen i Volda. No skal ho leie Norsk Journalistlag Student. – Eg vil jobbe for at utdanninga stadig skal utvikle seg, seier ho til Medier 24. 

-  Vi lever i eit medielandskap som endrar seg konstant. Det er viktig at NJ bidreg til og ser til at journalistutanninga held eit høgt nivå, seier den nyvalde leiaren i eit intervju med Medier 24 (saka er for abonnentar).

Det var på årsmøtet i Norsk Journalistlag Student (NJ Student) måndag Økland Andresen tok over leiarvervet etter Henrik Røyne, som også er Volda-student. Økland Andresen har vore engasjert i NJ Student i Volda sidan ho byrja studere, og til hausten skal ho ta til på sitt tredje år på avis- og nettlinja ved HVO. - Det har vore veldig spanande å lære meir om organisasjonen, og eg trur eg kjem til å lære meir no, seier ho til Medier 24.

I eit intervju på nj.no seier den engasjerte studenten at ho ønskjer å gjere organisasjonen meir kjent for medstudentane: - Studentane må vere klare over kva rettar dei faktisk har, og kvar dei kan vende seg om dei havnar i ein situasjon der dei treng hjelp som journalistar. 


Vi gratulerer Økland Andresen med vervet og NJ Student med ny og engasjert leiar!
 
 

Del på