– Håpar høgskuleområdet er opna til semesterstart

Tekst: Per Straume , Foto: Tone Solhaug

- Oppdatert

Høgskuleleiinga planlegg for fleire moglege utgåver av studiestart i august og håper studentane kan vere tilbake på høgskuleområdet då. Dei oppmodar nye studentar om å flytte til Volda, og lovar at alle som skal ha praksis eller utveksling i komande studieår, vil få det eller eit alternativt opplegg som ikkje forseinkar studieløpet deira.

Etter at Høgskulen i Volda (HVO) stengde av høgskuleområdet i midten av mars som følgje av koronasituasjonen har STUDENTANE stått fremst med store bokstavar i panna på Odd Helge Mjellem Tonheim når han har tenkt jobb. Prorektoren ved HVO, som i denne artikkelen svarar på vegne av høgskuleleiinga, er ikkje i tvil om kva som har vore deira viktigaste arbeidsoppgåve i ein og ein halv månad etter at pandemien for alvor braut ut. 

Leiinga er godt nøgd med måten ein har klart å legge om frå fysisk undervising, rettleiing og eksamen med meir på høgskuleområdet til at alt no skjer digitalt.

– Våre tilsette, både faglege og administrative, har gjort ein enorm innsats for å få til dette. At alle har fått til dette på ein så god måte er beundringsverdig. All honnør til våre tilsette for dette, som att på til har gjort alt dette frå heimane sine. Heilt klart er det å halde læringstrykket til studentane oppe er eit viktig punkt å ha fokus på. Vidare er jo også forsking for våre fagleg tilsette viktig å ha eit fokus på langs med, men noko vi ser er svært utfordrande. Men det må vi også ha eit fokus på framover.

Eksamenar og sensur i tide 

Både studentar og tilsette var spente då alle eksamenane ved høgskulen plutseleg måtte leggast om til bli digitale Korleis skulle det gå? No er ein i gang med eksamenane etter at ein la om 200 eksamenar til å bli digitale, som kjem på toppen av dei 200 eksamenane i vårsemesteret som allereie var digitale.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim

Tonheim fortel at det så langt har gått etter planen.

– Målet med denne omlegginga er nettopp at alle studentar skal få gjennomføre eksamen for å ikkje få opphald i studiet sitt. Og ja, vi reknar med at alle avgangsstudentar skal får sitt vitnemål som planlagt, seier prorektoren, som heller ikkje er redd for at studentane skal få karakterane sine i tide:

– Målet er sjølvsagt at sensur skal gjennomførast som normalt, men den mellombelse forskrifta opnar for at rektor kan gje utvida sensurfrist grunna forhold som relaterer seg til koronavirus. Håpet er at dette skal brukast minst mogleg.

Planlegg for ulike variantar av studiestart

Parallelt med omlegging til nettundervisning og digitale eksamenar har leiinga hatt ein anna varm ball i lufta. For kva skjer når ein skal starte opp att igjen i august? Blir det normal skulegang med undervisning på høgskuleområdet og skal studentane møte opp i Volda i august? Høgskuleleiinga får med jamne mellomrom oppdateringar på situasjonen frå Kunnskapsdepartementet og er i møter med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Dei har vanskeleg for å spå langt fram i tid, men på grunnlag av det ein veit i dag har Tonheim og leiinga gjort seg opp nokre tankar om studiestart og semesteropninga som skal gå føre seg 18. august.

– Vi arbeidar med å planlegge for ulike scenario. Men vi håpar jo at høgskuleområdet er opna igjen, sjølv om vi veit at den store studiestartseremonien bak Berte Kanutte-huset ikkje kan gjennomførast heilt som normalt, då det er forbod mot arrangement med over 500 til stades fram til 1. september. Vi arbeidar med ulike alternativ. 

Kva skal nye studentar gjere?

Mange har søkt seg til høgskulen som studentar frå hausten av. Kva har dykk å seie til desse? Skal dei som ser føre seg å flytte til Volda for å studere, skaffe seg bustad og ordne alt det praktiske for å bu her?

– Om du skal ta eit studium som skjer på høgskuleområdet så er det jo lurt å flytte til Volda ja, om ikkje i august så i alle fall etter kvart. Og studia som normalt har undervising på høgskuleormådet vil vere på plass igjen fysisk på høgskulen så snart som råd. Men det er vanskeleg å seie om dette no skjer i august eller til dømes oktober. Men ein plass å studere treng ein jo, og lån/stipend frå lånekassa får ein jo også som normalt. 

Utveksling og praksis

Studentar som har planlagt utveksling i utlandet studieåret 2020/21 ventar i spenning på om dei kan reise og ikkje minst om kva som skjer om dei ikkje får reise. Andre studentar skal ha eksterne praksisperiodar det neste året som ein del av utdanninga si. Sjølv om ein i dag ikkje er sikre på kva som skjer med utveksling og praksis, kan prorektoren roe studentane.

– Her ventar vi no på ei avklaring frå kunnskapsdepartementet, som er venta å ta ei avgjersle i fyrste halvdel av mai. Men alle studentar som har planlagt utveksling eller praksis i utlandet kan vere heilt trygge på at om utreise ikkje vert mogleg å gjennomføre, så vil høgskulen ha eit godt tilbod til dei. Studia skal kunne gjennomførast utan forseinkingar, så vil ha tilbod til dei på høgskulen. Vidare vil vi finne praksisplassar for alle studentane våre som skal ut i praksis, eventuelt finne alternative praksisformer. Studentane skal får fortsetje utdanninga si utan forseinkingar, forsikrar Tonheim, før han har ein siste beskjed til studentane han og resten av dei tilsette ved Høgskulen i Volda til ei kvar tid forsøker å sette først:

– I studieåret 2020/21 vil alle våre studentar, som tidlegare, møte vår kunnskapsrike og dyktige tilsette og lære mykje. Alle studentar får ei fagleg sterk utdanning også komande studieår. 
 

Del på