Helsestasjon for studentar i nye lokale

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Helsestasjon for ungdom og studentar er flytta til underetasjen i rådhuset i Volda. Det er framleis eit gratis tilbod og ein treng ikkje å bestille time. 

Helsestasjon for ungdom og studentar har ope kvar tysdag og torsdag, frå 14.00-16.30. Dei held til i underetasjen på rådhuset i Volda.

På helsestasjonen kan du få hjelp av to helsesjukepleiarar, og kvar tysdag er det også ein lege der.

Ta kontakt om du er usikker

Helsestasjon er eit tilbod for alle studentar opp til og med 25 år. Det er eit gratis tilbod der ein ikkje å  treng å bestille time, men kan berre kome innom. 

– Når du kjem hit, går du inn, spritar hendene dine, melder deg i luka og set deg ned og ventar på tur, forklarar helsesjukepleiar Lisbeth Hoggen Totland som jobbar der.


Ho ynskjer at studentane i Volda skal ta kontakt om dei har behov for det eller er usikre på noko.

– Ta kontakt om det er noko du lurar på, om det er noko du er bekymra for eller treng meir informasjon om, spesielt knytt til det med seksuell helse. Kanskje treng du prevensjon eller å teste deg for kjønnssjukdomar, nokon treng også ein graviditetstest – og det er ting vi kan hjelpe til med, seier Totland.

Nokon å snakke med

Det er ikkje berre fysiske sjukdommar og liknande helsestasjonen kan hjelpe til med. 

– Det er også ungdommar som har behov for å ha nokon å snakke med og kanskje ein lurar på kven ein skal snakke med eller kven ein skal ta kontakt med, og då kan vi hjelpe deg med å finne kven det er mest naturleg for deg å snakke med, fortel Totland.

Helsestasjonen er eit av fleire helse -og velferdstilbod for studentar ved Høgskulen i Volda. Vi har tilbod som til dømes psykologteneste, studentprest, studenthumanist, studentombod og studentrådgjevarar. Sjå alle tilboda her.

Del på