Høgskulen har fått nytt studentombod

Tekst: Per Straume , Foto: Venstre

- Oppdatert

Frå 2020 er Kjersti Brevik Møller Høgskulen i Volda sitt nye studentombod.

1. august 2019 vart Sindre Rødne Dueland Høgskulen i Volda (HVO) sitt første studentombod nokon sinne. Han har starta i ei sameleis stilling hos Universitet i Bergen, og vert no erstatta av Kjersti Brevik Møller.

Studentombodet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og HVO, der 20 prosent av stillinga fell til HVO.

Brevik Møller har vore politisk aktiv i både Unge Venstre og Venstre – no er den nyutdanna juristen klar for å gjere hjelpe studentar. – Gjennom politikken har eg jobba mykje med studentar sine rettar, noko eg syns er kjempespennande. Då eg fekk denne sjansen, så måtte eg ta den, seier Brevik Møller til Khrono om å takke ja til studentombod-jobben.

Brevik Møller skal ha sine tilmålte arbeidsdagar ved Høgskulen i Volda og er til ei kvar tid tilgjengeleg på e-post og telefon for Volda-studentane.

Les meir om studentombodet, kva bistand ein kan få og finn kontaktinformasjon her.

Studentombodet kan ikkje vere part i ein sak mellom student og høgskulen, berre vere rådgivande for studenten. Det vil seie at ombodet ikkje kan skrive eit brev eller ein klage til høgskulen på vegne av ein eller fleire studentar. Ombodet skal vere uavhengig høgskolen og motsett.

 

Kontaktinformasjon studentombodet:
Kjersti Brevik Møller
E-post: studentombodet@hivolda.no
Facebook: @studenombodet
 

Del på