Høgskulen i Volda er ny deltakarbedrift i NCE iKuben

Tekst: Terese Balsnes , Foto: iKuben

- Oppdatert

NCE iKuben er ei tverr-industriell klynge med internasjonalt orienterte industri- og teknologibedrifter med hovedtyngde i Møre og Romsdal. Bedriftene kjem frå Rindal i nord til Volda i sør og Oslo i aust. Administrasjonen ligg i Molde. iKuben står for: innovativ, internasjonal industri.

Rektor Johann Roppen seier til iKuben sin nettstad at høgskulen er heilt avhengige av og ønskjer å styrke kontakten med det regionale arbeidslivet, både næringsliv og offentleg verksemd i heile fylket. - NCE iKuben har eit tverrfagleg og tverrindustrielt perspektiv og har faglege kontaktpunkt med ei rekkje av våre utdanningar og fagområde. Vi trur difor at vi både kan gi og få i nettverket, seier rektor Johann Roppen.

Les meir på iKuben.no.

Rektor Johann Roppen er spent på kva deltaking i iKuben vil kunne tilføre Høgskulen i Volda. iKuben organiserer arbeidet sitt i arbeidsgrupper, og for høgskulen er det i utgangspunktet tre arbeidsgrupper som er mest aktuelle: 

  • ONA (Samarbeid mellom Offentleg sektor, Næringsliv og Akademia) 
  • Kommunikasjon
  • Innovasjonsmetodikk

Fagmiljø på fleire avdelingar ved Høgskulen i Volda er kopla på dei tre arbeidsgruppene og er i ferd med å orientere seg om aktivitetar og andre bedrifter og organisasjonar som er med i arbeidsgruppene. 

Del på