Høgskuleområdet framleis stengt

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Høgskuleområdet er framleis stengt, undervisning, rettleiing og eksamen skal skje digitalt. Det vart klart etter ei pressekonferanse tysdag. Eit unntak vart lansert: Etter 27. april vert det opna for at avgangsstudentar på bachelor- og masternivå som er nøydde til å nytte spesialrom og -utstyr, som verkstader, øvingsrom og redigeringslokale kan få dispensasjon. Kven dette gjeld ved HVO vert klart etter påskeferien. 


- Det er viktig å presisere at alle skal kunne fullføre semesteret digitalt, og at den digitale undervisninga og eksamen går som planlagt, seier direktør Karen Lomeland Jacobsen. 

Ho oppmodar alle om å følge med på informasjonen som kjem i Canvas og på e-post, i tillegg til HVOs eigne Korona-sider. Kven som kan få dispensasjon og korleis dette skal gjennomførast vert klart etter påskeferien. Dei aktuelle fagområda er media- og designfag og utøvande musikk- og kunstfag.


Flest skal framleis halde seg heime

Tiltaka vart presentert på ei pressekonferanse tysdag ettermiddag. At det førebels er utvalde grupper som får tilgang, forklarar Kunnskapsdepartementet slik: - Vi prioriterer studentar, stipendiatar og postdoktorar som skal fullføre løpet denne våren, og som er avhengige av utstyr og infrastruktur på studiestaden, seier minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim. 

Framleis skal dei fleste halde seg heime, seier Asheim: - Alle som kan skal jobbe heime og unngå unødig reising. Vi må halde fram med det som verker for å slå ned spreiing av viruset. 

 

Maksimalt fem personar samla

Dei som skal få nytte seg av høgskule-lokala har fått følgjande helsefaglege råd i tillegg til dei eksisterande smittevernstiltaka: 

  • Det skal ikkje vere meir enn fem personar samla
  • Fysisk avstand på minst to meter mellom kvarandre

Det er viktig å følgje dei generelle tilrådingane frå helsemyndigheitene, mellom anna om å vaske hendene ofte og grundig. 

•    For meir Korona-informasjon, sjå vår samleside for studentar og tilsette
•    Sikresiden.no har god informasjon, råd til førebyggande tiltak og Korona-kvardagen
•    Spørsmål og svar frå KD om studentar og koronavirus

Del på