HVO-professor i internasjonalt forskingssamarbeid

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kvalsund har ved to høve vore 'visiting academic' ved Faculty of Education, University of Cambridge. Han har gjesteførelest om overgangar i skule og mellom skule og vaksenliv og hatt forskingsseminar om skule, familie og lokalsamfunn. Dette samarbeidet er også knytt til eit europeisk forskingsnettverk (EERA) som han var med å starte i 1997 saman med Dr. Linda Hargreaves, University of Cambridge. Samarbeidet har båre frukter.


Gjesteredaktør i topprangert tidsskrift
I desse dagar blir eit temanummer av det topprangerte tidsskriftet International Journal of Educational Research utgitt. Tittelen er Review of research on rural schools and their communities in British and Nordic Countries.(Oversyn over forsking om skule og lokalsamfunn i britiske og nordiske land). Etter omlag tre års forfattar- og redaktørarbeid, inneheld temanummeret eit forskingsoversyn på feltet forfatta av forskarar frå kvart av dei fem landa som er med - England og Skotland, og Noreg, Sverige og Finnland. Professor Kvalsund er saman med Dr. Hargreaves, gjesteredaktørar for dette spesialnummeret av tidsskriftet.

 
– Både søknaden om å lage temanummeret og dei enkelte kapitla er grundig vurderte av uavhengige fagkollegaer, utpeika av hovudredaktøren for tidsskriftet. Som redaktør for spesialnummeret har eg skrive oversynskapitlet for Noreg. Saman med Hargreaves har eg skrive eit perspektivgivande innleiingskapittel og eit avsluttande kapittel med utsyn over forskingsfeltet og korleis framtidig forsking bør innrettast, fortel Kvalsund.

a0d96261f9250802e49bb87e4b113b67abc8f395
Professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag har bak seg fleire års samarbeid med forskarkollegaer frå Universitetet i Cambridge, England.

To perspektiv
Redaktørane identifiserer to perspektiv på utvikling av skulen i desse nordeuropeiske landa i lys av forskingsoversynet. Det første perspektivet kan illustrerast med hovudtrekk ved forskingssituasjonen i vårt land. Norsk pedagogisk forsking har såleis dei seinare åra vore dominert av følgjeforsking knytt til dei mange skulereformene. Premissane for denne følgjeforskinga er langt på veg gitt av styresmaktene og dermed prega av å sjå dei norske skulane utanfrå og ovanfrå –  i eit ytre systemperspektiv.

Det bakteppet av reformtenking som har dominert grunnskulen dei seinare åra, er klart dreia i instrumentell retning mot resultat som kan målast i enkeltfag og samanliknast internasjonalt (jf PISA undersøkingane). Utgangspunktet for desse instrumentelle interessene er såleis ei innsnevring av skulens samfunnsoppgåve. Dette kjem til uttrykk gjennom grunnskulens markante vektlegging av kunnskap i abstrakte kjernefag som skal kvalifisere dei oppveksande til mobil arbeidskraft for ein internasjonal konkurranseutsett økonomi.

– På mange måtar er dette opplæring som peikar ut av region og lokalsamfunn. Forsking med forankring i dette ytre systemperspektivet dominerer i dei fem nordeuropeiske landa, seier Kvalsund.

Spenningsfelt mellom interesser
Det andre forskingsperspektivet plasserer bygdeskulane historisk i eit spenningsfelt mellom interesser i sentrale strøk og interesser i utkantstrøk. Tenkinga om innhaldet i skulen er forankra i natur, næringsliv og kulturliv i lokalsamfunn og region. Dermed får skulen ei konkretisert identitetsformande forankring for dei som veks opp, noko som fremjar læring og gir eit visst sannsyn for at dei unge også kan vende tilbake til eigen region etter avslutta utdanning og vidare erfaring i verda utanfor regionen. Dette er den samfunnsaktive, stads- og regionmedvitne skulen (place conscious school) der elevar i større grad kan lære å bo godt der dei bor når det gjeld helse, livskvalitet og berekraftige samfunn.

– På denne måten kan dei som veks opp forstå seg sjølv som framtidige brukarar av skulens kunnskap også i eigen oppvekstregion, seier Kvalsund.  Forsking med denne forankringa frå borgarane si livsverd til kvardags er sjeldan i dei fem europeiske landa. – Forsking med utgangspunkt i folks kvardag og livsverd utfordrar det som etterkvart har etablert seg som ei gjennomgåande misforståing av dei små grende- eller bygdeskulane - at dei med målestokkar frå det første fagorienterte perspektivet grunnlaust blir sett på som mangelutgåver av dei standardiserte urbane skulane.

Mønster på tvers av landegrenser
Forskingsoversyna for kvart land tar for seg forsking på skule og lokalsamfunn – kva tema som er forska på, kva metodar og teori som er nytta og kva resultat som kjem fram. Forskingsresultata peikar klart i retning av at dei små grendeskulane er minst på høgde med eller betre enn dei større meir urbane, stadslause og standardiserte skulane - ikkje minst når målestokkane er forankra i det breiare kulturorienterte livsverdsperspektivet.

Det samla forskingsoversynet i temanummeret peikar på eit gjennomgåande behov i alle dei fem landa: at den pedagogiske situasjonen i dei små skulane og relasjonen til lokalsamfunnet blir systematisk følgde over tid ved at det blir etablert ein database gjennom samarbeid mellom regionale høgskular eller universitet.

– Dette vil også rette opp ein stor metodisk skeivskap i forskinga – mangelen på longitudinale studiar. Då kunne ein også få oversyn over viktige konsekvensar av den omfattande skulenedlegginga som ser ut til å halde fram. Dette er i ferd med å avteikne seg som den store tause skulereforma, avsluttar Kvalsund.

Du kan lese to av dei redaktørforfatta artiklane til Kvalsund  og Hargreaves:

Analytical perspectives and a new agenda

Analytical perspectives and cultural meaning 

Del på