Student omkom i ulukke

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Friluftsliv-student Astri Brandal Reynolds mista livet i ei luftsportulukke i Loen søndag.

Det var med stor sorg vi fekk beskjed om at ein av våre studentar mista livet i ei ulukke søndag. Vener, studentar og tilsette har vore samla på Høgskulen og fått oppfølging frå helsepersonell, politi og prestar.

Ønskjer du å prate med nokon, kan du ringe HVO på telefon 700 75 000.

Vår djupaste medkjensle går til familien og andre som sto Astri nær. Vi står saman i sorga.

Del på