HVO tilrår utvekslingsstudentar å vurdere heimreise straks

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

OPPDATERT 17. mars: Høgskulen tilrår alle studentar på utveksling om å anten reise heim straks eller vere budd på å bli i vertslandet til Korona-krisa er over.

14. mars bad UD alle nordmenn på reise i utlandet om å vurdere å reise heim. HVO kan ikkje pålegge utvekslingsstudentane våre å reise heim, men vil streke under at dette reiserådet er eit kraftig signal frå UD. Utvekslingsstudentane våre må ta med i vurderinga at situasjonen kan vare. Ein kan risikere å ikkje kunne returnere som planlagt ved slutten av semesteret, men må bli i vertslandet ei stund til. Situasjonen utviklar seg raskt, grenser vert stengde og flyavgangar kansellert, og HVO ber utvekslingsstudentane om å ikkje utsetje avgjerda om ein skal reise heim eller ei. Sjå UDs reiseråd.

Råd og rettleiingar om handtering av korona-situasjonen finn du på denne nettsida:
https://www.hivolda.no/korona
 

Del på