Internasjonal dag: Lær meir om utveksling

Tekst: Arne Humberset

- Oppdatert

Onsdag 10. februar er det igjen Internasjonal dag, i år arrangert som ei digital utvekslingsmesse. Dette er ei glimrande anledning til å lære meir om utvekslingsmoglegheitene ved HVO.

Internasjonalt kontor har fått om lag 30 av dei mest populære avtaleuniversiteta våre til å stille til møter med studentar og tilsette ved HVO. Universiteta kjem frå Australia, Danmark, Hellas, Irland, USA, Japan, m.m. og gjenspeglar dei mange moglegheitene HVO kan tilby for utveksling.

nettsidene for Internasjonal dag 2021 finn du meir informasjon og kan registrere deg for å få lenker til digitale møterom. 

Hovudmålgruppa for Internasjonal dag 2021 er studentar som kan utveksle i studieåret 2021/2022. Men arrangementet er også interessant for andre studentar og tilsette som ynskjer å vite meir om våre partnaruniversitet. Alle er velkomne til å delta.
 

Søk utveksling
Søknadsfrist for utveksling hausten 2021 er 1. mars. Nettsidene om utveksling gir informasjon om korleis ein søkjer og anna praktisk info. Her kan ein også lese rapportar frå tidlegare HVO-studentar på utveksling og bestille ein rettleiingstime med Internasjonalt kontor.
 

Utveksling og Covid-19
Utveksling og praksis i utlandet har sjølvsagt blitt hardt ramma av Korona-pandemien og restriksjonar denne har ført med seg. Det er vanskeleg å spå korleis situasjonen vil vere hausten 2021, men enn så lenge arbeider Internasjonalt kontor ut i frå ei forventning om at utveksling vert mogleg. Samtidig legg vi vekt på at studentar må ha ein «plan B» å falle tilbake på dersom utveksling viser seg å ikkje vere tilrådeleg.


Vi ser fram til den dagen då pandemien ikkje lenger hindrar oss i å tilby våre studentar den utrulege opplevinga det er å dra på utveksling. 

Del på