Internasjonale studentar fann gull på kysten

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ei gruppe internasjonale studentar ved Høgskulen i Volda fekk sekken full av opplevingar då dei reiste til Runde og steikte olbogeskjel, smakte på tang, nesten røva med seg gullmyntar heim og lærte om norsk kystkultur.

Ein dag med eit heilt annleis og vakkert klasserom venta studentane som tek REL 110 Intercultural understanding, eit av emna på Årsstudium i religion, kultur og samfunn, då dei reiste til Runde. 15 studentar, og tilfeldigvis var alle internasjonale og ukjend med kva dei skulle få møte.

– Vi er så glad for å kunne tilby dei ein slik tur. Det er noko heilt anna enn kva vi gjer til dagleg, seier førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive, som saman med førstelektor Jostein Garcia de

Presno sto bak utflukta.

– Dette er svært viktig for det sosiale. Og når vi i tillegg klarer å kople på det faglege litt, er det helt supert, legg de Presno til. 

Spøker med lunsjen

Sjølv om kanskje ikkje eit olbogeskjel frå fjøra på Runde, steikt på eit stormkjøkken, klatrar opp på pallen over kulinariske opplevingar for verken studentar eller lærarar, var opplevinga rundt det heile noko dei vil huske.

Med seg i fjøra hadde dei ein marinbiolog frå Runde Miljøsenter og kollegaen hans, Johannes Kjær Madsen, naturvegleiar ved senteret og utdanna naturguide frå Høgskulen i Volda. 

– Dei var skikkeleg dyktige! Vi lærte så mykje av den stunda vi var i fjæra. No trur eg vi alle kan mykje meir om tang og tare til dømes. Vi smakte på tang, og skulle etter kvat sjølv kjenne igjen kva tang vi kunne ete. Og olbogeskjela ja – alle fekk eit kvar og åt det. Men eg trur det var godt at det vart servert fiskesuppe og pastasalat på miljøsenteret etterpå, humrar Kleive og de Presno.

Gullmyntar og lundefugl

Inne i miljøsenteret fekk studentane også høyre om Rundeskatten. Ein skatt som inneheldt blant anna gullpengar etter at det nederlandske frakteskipet Akerendam forliste utanfor Runde i 1725. I 1972 vart skatten funnen av dykkarar – og 50 år seinare var nokre nederlandske studentar frå Høgskulen i Volda og fekk sjå ein liten del av den verdifulle skatten frå heimlandet deira.

– Dei syntest det var stas og tøysa med at dei ville ta med seg gullmyntane heim til Nederland igjen, fortel de Presno lattermildt.

I miljøsenteret vart studentane også presentert for fuglelivet på Runde, med den særeigne lundefuglen som fuglefjellet på Runde er så kjend for, i sentrum. 

– Vi snakka om at lundefuglen er som ein termostat på klimaendringane. Men også korleis overfiske frå fiskeindustrien i regionen vår kan vere med på å drepe livsgrunnlaget til den spesielle fuglearten, seier Kleive og de Presno.
 


Overraska over forholdet til læraren

Opp på det vêrharde fuglefjellet der lundefuglar held til i fjellveggen gjekk også studentane, og fekk ei fin utsikt utover havet med på kjøpet.

Ikkje heilt som heime for mange av dei. Natur som tydeleg sette spor.

– Ein av studentane eg gjekk med var heilt stum av beundring. Han var stor i auga, seier de Presno.

– Eg snakka med ei som ikkje hadde gleda seg over å gå på tur i naturen før dette. Ho hadde aldri heilt klart å ta naturen inn. I tillegg var ho både glad og litt forundra over å kunne gå på ein sti å snakke med læraren om laust og fast. Ho syntest det var spesielt at den formelle distansen mellom student og lærar så å seie var utviska, legg Kleive til.

Ho og de Presno hadde klare tankar om kva dei ville med turen, som vart finansiert av koronamidlar frå Kunnskapsdepartementet som lærarane søkte høgskulen om.

– Det sosiale etter den tida vi har vore gjennom vart prioritet nummer ein. Studentane bur langt heimanfrå og det har ikkje vore så enkelt å reise heim under pandemien. Då gjorde det godt med ein slik tur der ein får lausne opp og vere saman. Samstundes ville vi også vise fram noko særnorsk og kystkulturen som vi har i denne delen av landet. Vi trur vi lukkast ganske godt med begge delar, smiler Kleive og de Presno.
 

Del på