Inviterer studentar til å melde flytting

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Volda Næringsforum

- Oppdatert

Volda Kommune har på ønskelista si at fleire studentar melder flytting til bygda. No inviterer dei heiltidsstudentar som endrer heimstadsadressa si til å søke om «Voldakortet» til ein verdi av 5000 kroner. 

I sommar vedtok kommunestyret i Volda ei studentintensivordning, med mål om å få fleire studentar til å melde flytting til Volda. Løna er eit verdikort som kan nyttast i lokale butikkar, treningssenter, serveringsstader og liknande, skriv kommuna i ei pressemelding. 

Les meir om flytteordninga på kommunen sine heimesider. Her finn ein også oversikt over ofte stilte spørsmål knytt til flytting, som om dette har noko å seie for lån og stipend og eventuelle andre endringar dette fører med seg samanlikna med det å halde på bustadsadressa i heimkommunen.

Representantar frå Volda Kommune skal ha ein stand på Berte Kanutte-huset fredag 25. september, der studentar som allereie har søkt kan hente ut kortet sitt. 

 

For å kunne søke om «Voldakortet» må følgjande vilkår vere oppfylt: 

1.    Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
2.    Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda frå ein annan kommune i Noreg. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
3.    Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste åra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
4.    Du kan søke ordninga ein gong.
5.    Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
6.    Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift.

 

Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.
 

Del på